Vel overstått haustfest :) Her ligg presentasjonen brukt på møtet i går. Gjerne klikk på linkar for å få fram videoar og informasjon. NB! Linkane ligg i PDF-dokument vedlagt.
Etter haustfesten
- Manuelle 4H-prosjekt skal leggast inn via Min side/mine aktiviteter/mine prosjekter
- Hugs å godkjenne/ikkje godkjenne manuelle 4H-prosjekta via medlemsregisteret for 2021.
- Digitale 4H-prosjekt vert godkjent i prosjektplattforma og informasjon vert sendt automatisk til medlemsregisteret. Ikkje gjer endring i medlemsregisteret på digitale 4H-prosjekt.
Årsmøte og årsmøtepapir
- Ta ein titt på videoane som ligg i presentasjonen
- Årsmøteprotokoll - kva må med?
- Levering av årsmøtepapir - frist 1. desember
- Årsrapport leggast inn av nyvalt leiar mellom 1. - 31. januar 2022
- Oppdater verv i 4H-klubben - frist 1. desember
Er du ny i klubbstyre eller som klubbrådgjevar?
- Sjekk linkar i presentasjonen
- KLUBBSTYRE
- Ressursar for klubbstyret
- KLUBBRÅDGJEVAR
- Politiattest
- Brønnøysundregisteret
- KLUBBSTYRE
Innmelding / utmelding av medlemmar
- Informasjon i presentasjonen
- Innmelding: framside på 4H si nettside "Bli med i 4H"
- Utmelding: min side - Utmelding
Har de saker til fylkesårsmøte 13. februar 2022?
- Frist for innsending er 3 månadar før møtet, dvs 13. november!
Har de tips til representantar i fylkesstyret, og i tillegg ordførar og varaordførar?
- engasjert 4H-ar
- Helst senior/alumn/klubbrådgjevar
- må bu i Sogn og Fjordane, eller nær omegn
- viktig at vedkomande har tid/høve til å stille på styremøte og planlegge/organisere arrangement i regi av fylket.
- Ring / send mail / send sms til valkomiteen!
Arrangement vår / sommar 2022
- Inspirasjonssamling 14. - 16. januar
- Informasjon vert sendt ut i løpet av november :)
- Nokon som vil bli trivselsagent?
- Påmeldingsfrist 15. januar
- Styrekurs 11. - 13. februar
- Send styret i 4H-klubben på kurs! Utruleg kjekt og lærerikt!
- Fylkesårsmøte 13. februar
- send 2 delegatar frå 4H-klubben din!
- Plakettfest 19. mars
- Plakettmottakarar 2020 og 2021 - Spre ordet!
- Storkurs 1. - 3. april
PÅMINNING
Send inn rapport i høve tildeling av midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
- De finn link til utfylling av skjema (digitalt) i tildelingsbrevet.