Onsdag 10.februar arrangerte 4H kontoret ein times introduksjon om korleis kome i gang med 4H prosjektet, kva er klubbrådgjevaren si rolle og kvar ein finn informasjon. Vedlagt presentasjon.
Kvar finn de informasjon?
- Kom i gang - Informasjonssider - 4H
- Her finn de rettleiing både i PDF, Power Point og you-tube videoar
Det er viktig at de som klubbrådgjevarar hjelper medlemane godt i gong med prosjekta. Del gjerne oppgåvene dykk i mellom og arranger klubbkveldar for prosjektarbeid.
Har de problem med innlogging, sjå her: Ressurssider - medlemsregisteret
Korleis opprette you-tube videoar?
- Her er ein you-tube video på korleis opprette konto. Vi kan anbefale ca dei 3 fyrste minutta for å kome i gong, og der skal vere mogleg å klikke for å gjere denne som "privat" og ikkje offentleg.
Dersom de har spørsmål så ta kontakt med support@4h.no
Oppdrag
Når det gjeld tidlegare oppdrag som ikkje finnast i oppdragsbanken så kan den medlemen som hadde dette oppdraget i fjor dele dette oppdraget med andre i klubben ved å kopiere teksten og sende vidare til andre. Den som vil bruke dette oppdraget må då opprette eige oppdrag og lime inn teksten.
Treng de hjelp så ta kontakt med support@4h.no