4H Møre og Romsdal har ved støtte frå Fylkeskommunen eit mål igjennom prosjektet Fritt fram i friluft å bidra til økt interesse og kunnskap innan friluftsliv og frileik for born og ungdom i fylket. Vi ynskjer å kunne invitere og gjennomføre nettverkssamlingar og kurs, innan enkelt og kortreist friluftsliv i hop om å motivere til auka aktivitet ute i friluft.

Vi fokusera på det enkle friluftslivet, der det ikkje krevst store forkunnskapar eller mykje utstyr for å kunne bli med. På denne måten håpar vi at også dei som ønsker å delta kan oppleve meistring og glede ved å vere i naturen. Aktiviteten prosjektet tilbyr er alt frå kveldskurs for lokalklubbar, til større aktivitetar i samband med leir og samlingar.