4H Møre og Romsdal ønskjer saman med Gjensidigestiftelsen og Sparebanken Møre å hjelpe lokalsamfunn i fylket til å skape møteplassar i nær-naturen. Gjennom prosjektet Draumeplassen vil 4H Møre og Romsdal lyse ut ein konkurranse vinter 2020-21 der lokalsamfunn kan vinne prosjekthjelp og 100 000 kr til å lage sin naturmøteplass. I tillegg til å være bli ein arena for nærmiljø og friluftsaktivitet, ønsker vi å tilretteleggje for at born og unge i lokalsamfunn skal få moglegheita til å auke sin kunnskap innan byggteknikkar, natur og miljø ved å aktivt søke mot born sitt engasjement og deltaking.

Prosjektet som startar no i slutten av 2020 er andre runde av prosjektet Draumeplassen i fylket. I det første prosjektet var Gjensidige Bidragsytar.