Styrevervsopplæring med årsmøte

Denne helga får du opplæring i styrevervet ditt, årsmøteopplæring (årsmøteseminar), aspirantlederkurs eller friluftsheltkurs på fredag og laurdag. Alle får litt opplæring i kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.

 

Storkurs

Storkurset er ei helgesamling av mange artige, spennande og lærerike kurs. Vi bur inne på skule, på flatseng. Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år inneverande år.

Juniorsprell

Er du mellom 12- 14 år ( junior), kan du delta på Juniorsprell. Ei helgesamling med ulike tema fra år til år.  Tema i 2020 er skog, og i 2021 er det skiaktivitetar. 

Senior og Alumnsprell

Dette er ei helgesamling for dei eldste i fylke, du må fylle 15 år iløpet av året for å delta. Det blir lagt stor vekt på det sosiale, men der er og nyttig læring.

Plakettfest

Til denne festen blir alle som har fullført 4H-programmet invitert. Dei fleste har og med seg familie eller venner. Det er ei høgtidleg stund, der dei får utdelt sine plakettar og vitnemål. Plakettfesten blir gjennomført i november.