Du får fordjupe deg i styreverv eller i friluftsliv som du seinare får halde kurs i. Målet er å gjere deg klar for å halde sjølvstendige kurs i fylket ditt, og når kurset er over kan du helde kurs i heile landet. Ein utruleg spennande og lærerrik moglegheit!

Kven kan delteke?

  • Betalande 4H-medlem 16-26 år.
  • Ha delteke på fleire kurs i fylket (anten styrevervs- eller friluftskurs).
  • Grunnleggjande kunnskap innan eit styreverv eller friluftsliv.
  • Trivast med å lære vekk til andre og er motivert til å halde kurs i fylket.
  • Likar å jobbe saman med andre.
  • Vere motivert til å halde kurs i fylket.

Les meir om kurset sitt innhald her.

Har du lyst til å bli instruktør, må du ta kontakt med fylkesstyret/4H-kontoret i fylket ditt innan tysdag 24. September. Fylka avgjer kven dei sender for å bli instruktørar for sitt fylke.

Dato for kursdelane i 2024/2025:
Del 1: 8. - 10. november 2024, Oslo Sentrum (Oppmøte 11:30 på Oslo S, i gangen ved Espresso House. Du ser glade ungdommer og 4H logo. Så går vi samlet til 4H kontoret)  
Del 2: Praksis i eige fylke mellom del 1 og 3, tid varierer mellom fylka
Del 3: 7. - 9. mars 2025

Deltakaravgift: Kr 3500/deltakar per opplæringshelg - dette betalast av fylka. Ved påmelding trykker du på "Betal med faktura", så sender vi rekninga til 4H-fylket du representerer. Bestill reise snarast etter bekrefting frå fylket om at du får reise på instruktørkurs. 4H Norge refunderer reiseutgiftene etter billegaste og grønaste reisemåte.

Spørsmål kan rettast pr e-post til Ellen Askheim på tlf: 938 76 384 eller e-post: ellen.askheim@4h.no