Rural Youth Europe – RYE – arrangerer for aller første gong europeisk rally som eit online event.

Samlinga føregår kvar kveld frå kl 19 til kl 22 og det blir nettbaserte aktivitetar, og på dagtid vil du få små oppgåver du skal gjennomføra.

Temaet er “Rural up! The future of rural work and how to turn rural competences into business” og arrangerast i samarbeid med bygdeungdomslaget i Slovenia.

Kva skal til for å delta?

Årets online rally er finansierte av m.a Erasmus+ og Youth in Action Programme. Det er med andre ord gratis å delta på året rally, men du må oppfylla desse krava:

  • Du må vera aktiv alumn/medlem i alderen 18 – 26 år.
  • Du må kunna delta aktivt kvar dag og kveld som online rally føregår.
  • Du må kunna kommunisera på engelsk.
  • Og ikkje minst, du må vera interessert  i- og villig til å jobba aktivt med - emne som kompetanse, ressursar, jobbar/verksemder, arbeidsmarknaden og delta i diskusjonar om framtidas Europa.
  • Du må registrera deg innan 19, juli. Lenke til registrering finn du i vedlagde invitasjon (PDF, 230KB).

Sjølv om du sit føre ein dataskjerm, vil du få møta fantastiske unge menneske frå ulike Europeiske land! Du vil få ei større forståing for rural kompetanse, ressursar og arbeidsmarknad, du vil få vera med på å utforma dokument som omhandlar kva slags Europa du vil leva i. Og du får praktisert engelsken din samtidig som du har det morosamt!

Meir informasjon om arrangementet finn du i invitasjonen. Spørsmål om arrangementet kan rettast til RYE på office@ruralyoutheurope.com.