4H ønskjer at så mange som mogleg skal kunne delta på 4H sine aktivitetar, og at økonomi ikkje skal vera eit hinder for deltaking. Det er nå mogleg å søkja om deltakarstøtte for aktivitetar, transport og medlemskontingent.
Økonomi kan vera ei hindring for deltaking. Vi ønskjer at så mange som mogleg skal kunne delta på 4H sine aktivitetar.
Deltakarstønaden er for barn og unge under 26 år. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.
Det er mogleg å søkja om støtte til:
- Medlemsavgift.
- Deltakaravgift for leir, kurs, klubbkveld o.l.
- Transport til og frå eit arrangement/aktivitet
Fyll ut skjemaet under for å søke om støtte. Det er føresett eller klubbrådgjevar som sender inn søknad. Dersom medlemmet er over 18 år, kan medlemmet sjølv sende søknad. Søknadene blir behandla fortløpande av 4H-kontoret i fylket.
Kriterier for å søkja om For alle deltakarstøtte:
Medlemmet og familien må ha ein økonomi som tilseier at det er for krevjande å delta på aktivitet utan bistand.
Medlemmet må vere aktiv i 4H Hordaland.
Enkelte arrangement krev betaling ved påmelding. Om det blir søkt om støtte i god tid, kan vi etter avtale tilrettelegge slik at ein ikkje treng å legge ut. Dersom den som søkjer har moglegheit for å legge ut, refunderer vi etter kvittering.
Ved spørsmål kontakt 4H-tilsette i fylket
Deltakarstøtta For Alle er sponsa av: