KVA ER EIT STYREVERVSKURS?

• Styrevervsopplæringskurs for alle som sit i styret i 4H-klubben

• Opplæring for årsmøterepresentantar, aspirantleiarar og friluftsheltar


Arrangør:  4H Hordaland

Stad: Jondal

Pris: 1000,- Klubbane betaler for sine deltakarar

Informasjon: Alle som melder seg på får tilsendt informasjon og årsmøtepapir på mail. 

Påmelding: Trykk på den grøne Påmeldingsknappen øverst på siden/ under bilete. Du treng medlemsnummer + passord for å melde deg på. Melde deg på kun eitt (1) kurs. Husk å trykke på Faktureringsknappen heilt til slutt. Ein mail kjem til deg med ein gong som viser at du er påmeldt. Faktura vil bli sendt til din klubb.

Påmeldingsfrist: Påmeldingsfrist er 10. januar. (Utsatt til 12. jan.) Bindande påmelding.

Manglar passord? Om du manglar passord, kan du be om å få dette på e-post via heimesiden. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette, kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å leggje adressa inn for deg. 

Vaksenleiar: Klubbane treng ikkje stille med vaksenleiarar.

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede(inne og ute), toalettsaker, innesko/tøfler/tjukke sokkar, bankkort til kiosk,- og elles det du treng i løpet av helga.

Info: Soving i idrettshall, kurs i klasserom

Meir informasjon om superhelga blir sendt på e-post til den enkelte deltakar 3 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut på www.4h.no/hordaland. 

Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. Du finn kontaktinfo på heimesida vår.


Kurs:

Leiar/nestleiarkurs: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserarkurs: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Skrivarkurs: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Styremedlemskurs: Styremedlemer bør kunne litt av alle ting i styret.

Årsmøteseminar nybyrjarar og Årsmøteseminar vidarekomne

For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før.

Kva meinar du er viktig for 4H Hordaland dei neste to åra? Bli med og bestem! Det blir gjennomgang av årsmøtepapira og reglar for gjennomføring av årsmøte. Korleis stemma, korleis ta ordet og korleis kome med framlegg til endringar. Det her seminaret passer for dei som har stemmerett eller som allereie har vore på sitt styrevervskurs.

I år blir det to årsmøteseminar:

Nybyrjar: For dei som ikkje har vore så mykje på årsmøte før og vil ha ein enkel gjennomgang av papira og korleis ein ter seg på årsmøtet.

Vidarekomne: For dei som har vore på fleire årsmøte, og vil bruke tida på å dykke djupt ned i årsmøtepapira. Eit av hovudtemaene vil i år vera Landsleir 2024.

Aspirantleiarkurs: For dei som har Aspirantleiar som prosjekt, eller ønskjer å lære litt om korleis ein kan aktivisere/ ta vare på aspirantane i klubben.

Friluftsheltkursfor seniorar: For deg som vil lære meir om friluftsaktivitet i klubben sin og leggje til rette for at 4H-klubben kan ha meir aktivitet ute. Stikkord om innhald: lage mat ut, lage bål, kjekke uteaktivitetar, generell teori om friluftsliv.


INSTRUKTØRAR

Leiar/nestleiar: Vilde Sylta Kvemme og Martha Gerald

Kasserar: Steffen Stråtveit og Hjalmar Ølvestveit

Skrivar: Miriam Solheim

Styremedlem: Sofie Ljones og Agnete Flatnes Skarveland

Årsmøteseminar nybyrjar:

Årsmøteseminar vidarekomne: Lisa Jonetta Ølvestveit og Helene Stråtveit

Aspirantleiar:

Friluftsheltkurs: Nicolai Øvrevoll Disselhorst, Marius Skar Kolås og Jens Halland Kruse


Program Styrevervskurs 2023

Fredag

18.00:            Frammøte

19.00:            Mat

19.45:            Kursinfo

20.00:            Kursstart med bli kjent-leikar i gruppene

22.00-23.00: Dans, kiosk, brettspel

(22.00:          Instruktørsamling)

23.30:            Stille i sovehallen

 

Laurdag

07.30:            Vekking

08.00:            Frukost. Smør niste

09.00:            Kurs i gruppene

12.00:            Pause. Lunsjsuppe

12.45:            Kurs i gruppene

15.30:            Pause; niste, frukt og yoghurt

16.00:            Landsleir 2024

18.00:            Middag

19.00-23.00:Dans, kiosk, brettspel mm.

24.00:            Stille i sovesalen

 

Søndag

07.30:            Vekking

07.30:            Frukost og rydding

09.00:            Alle må vere klare for å gå til årsmøtesal

09.00:            Registrering

09.30:            Opning av årsmøtet

12.00:            Varm mat

13.00:            Årsmøtet fortset

15.00:            Årsmøtet avsluttast

         

Klokkeslett kan bli endra.


Kurset er sponsa av: 

Gjensidigestiftelsen       Coop Prix Jondal

 Jondal Maskin og Transport           Draumen frisør      Tine

 

 Studieforbundet natur og miljø    Acos Invest           Vestland Bondelag