- Pris: Kr 1000,-
- Arrangør: 4H Hordaland
- Voss
- 18:00 - 15:00
Kurs
Ønskjer du å få opplæring i ditt styreverv, årsmøtesakar, aspirantleiar og friluftsliv?
Meir informasjon kjem etter kvart.
Innhald:
Viktig informasjon om sted og arrangør
• Styrevervsopplæringskurs for alle som sit i styret i 4H-klubben
• Opplæring for årsmøterepresentantar, aspirantleiarar og friluftsheltar
Viktig informasjon om sted og arrangør
Arrangør: 4H Hordaland: Mail: hordaland@4h.no
Mobil: 99 40 52 69
Kursadministrator:
Marius Skar Kolås: 47 60 58 79
Vilde Sylta Kvamme: 90 03 47 95
Kursadministrator har ansvaret denne helga, så ta kontakt med dei om de har spørsmål.
Teknisk arrangør: Dyktig 4H
Stad: Bulken skule, Rekvesvegen 94, 5708 Voss
Skyss frå skule til årsmøtesal sundag: Treng de skyss på sundag, kryss av ved påmelding.
Informasjon: Meir informasjon om superhelga blir sendt på e-post til den enkelte deltakar 3 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut her på denne sida.
Vaksenleiar: Klubbane treng ikkje stille med vaksenleiarar.
Leiar/nestleiarkurs: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.
Kasserarkurs: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.
Skrivarkurs: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.
Styremedlemskurs: Styremedlemer bør kunne litt av alle ting i styret.
Årsmøteseminar nybyrjarar og Årsmøteseminar vidarekomne
For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før.
Kva meinar du er viktig for 4H Hordaland dei neste to åra? Bli med og bestem! Det blir gjennomgang av årsmøtepapira og reglar for gjennomføring av årsmøte. Korleis stemma, korleis ta ordet og korleis kome med framlegg til endringar. Det her seminaret passer for dei som har stemmerett eller som allereie har vore på sitt styrevervskurs.
I år blir det to årsmøteseminar:
Nybyrjar: For dei som ikkje har vore så mykje på årsmøte før og vil ha ein enkel gjennomgang av papira og korleis ein ter seg på årsmøtet.
Vidarekomne: For dei som har vore på fleire årsmøte, og vil bruke tida på å dykke djupt ned i årsmøtepapira.
Aspirantleiarkurs: For dei som har Aspirantleiar som prosjekt, eller ønskjer å lære litt om korleis ein kan aktivisere/ ta vare på aspirantane i klubben.
Friluftsheltkurs for siste års juniorar og seniorar: For deg som vil lære meir om friluftsaktivitet i klubben sin og leggje til rette for at 4H-klubben kan ha meir aktivitet ute. Stikkord om innhald: lage mat ut, lage bål, kjekke uteaktivitetar, generell teori om friluftsliv.
Pris: 1000,- Klubbane betaler for sine deltakarar
Korleis melder eg meg på? Trykk på den grøne Påmeldingsknappen øverst på siden/ under bilete. Du treng medlemsnummer + passord for å melde deg på. Melde deg på kun eitt (1) kurs. Husk å trykke på Faktureringsknappen heilt til slutt. Ein mail kjem til deg med ein gong som viser at du er påmeldt. Faktura vil bli sendt til din klubb.
Påmeldingsfrist: Påmeldingsfrist er 10. januar. Bindande påmelding.
Manglar passord? Om du manglar passord, kan du be om å få dette på e-post via heimesiden. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette, kan du be 4H-kontoret om å leggje adressa inn for deg.
Til kursa må ta med deg: Kan bli endra
Leiar: Skrivesaker og papir.
Kasserar: Skrivesaker, papir, PC, lader, laste ned kassaboka. Lagre «Monopol-rekneskap»
Skrivar: Skrivesaker og papir. Møteboka
Styremedlem: Skrivesaker og papir. Gjerne fargeblyant, lim og saks om du har.
Aspirantleiar: Skrivesaker og papir
Årsmøteseminar: Skrivesaker og papir. Utskrift av årsmøtepapirene eller digitalt (kjem).
Les gjennom årsmøtpapir på forhånd.
Friluftshelt: Kle etter været, gode sko og godt humør
Alle må ta med seg:
Skrivesaker, fargeblyantar og noko å skrive på
Vannflaske+ kopp, fat og kniv til brødmat
Sovepose, liggjeunderlag ( maks bredde 80cm pga. liten plass), toalettsaker og handkle
Varme og gode kle. Ullkle. Ullpledd for dei som ønskjer det.
Tøflar, slippers eller raggsokkar (Det vert ikkje lov å ha på seg sko inne)
Program. Kan bli endra
Fredag
18.00: Frammøte
19.00: Mat
19.45: Kursinfo
20.00: Kursstart med bli kjent-leikar i gruppene
22.00-23.00: Dans, kiosk, brettspel
(22.00: Instruktørsamling)
23.30: Stille i soverom
Laurdag
07.30: Vekking
08.00: Frukost. Smør niste
09.00: Kurs i gruppene
12.00: Pause. Lunsjsuppe
12.45: Kurs i gruppene
15.30: Pause; niste, frukt og yoghurt
16.00: Ålvågs
18.00: Middag
19.00-23.00:Dans, kiosk, brettspel mm.
24.00: Stille i soverom
Søndag
07.30: Vekking
07.30: Frukost og rydding
08.30: Alle må vere klare for å reise til årsmøtesal
09.00: Registrering
09.30: Opning av årsmøtet
12.00: Varm mat
13.00: Årsmøtet fortset
15.00: Årsmøtet avsluttar
Leiar/nestleiar vidarekomne:
Leiar/nestleiar nybyrjar:
Kasserar:
Skrivar:
Styremedlem:
Årsmøteseminar :
Aspirantleiar:
Friluftsheltkurs: