- Pris: Kr 800,-
- Arrangør: 4H Hordaland
- Rosendal
- (heldags)

Aktivitet
Lauvsprett 4H inviterer juniorar og seniorar til helgesamling i Rosendal
Storkurs 2023
Stad: Oppmøte: Rosendal samfunnshus, Rosendalsvegen 4, 5470 Rosendal
Overnatting/kurs: Rosendal ungdomsskule og Malmanger barneskule
Tid: 29. sept.-1. oktober
Alder: Juniorar og seniorar. Født 2011 eller tidlegare.
Max: 200 deltakarar
Pris: 800,- kr. Dette dekker mat, opphald, kurs og aktivitet.
Nokre kurs har eigenandel. (Sjå kursoversikt).
Påmelding: Påmelding i medlemsregisteret før 20. september.
Bindande påmelding.
Viktig: Meld dykk på berre eit kurs i medlemsregisteret.
Vi tek bort kurs frå medlemsregisteret så fort vi
ser at dei er fullbooket.
Reise: De har sjølve ansvar for å koma dykk til kursstaden i tide.
Info: All informasjon blir lagt ut på heimesida til 4H Hordaland
under storkurset
Vaksne: Minst ein vaksen pr. 10. deltakar frå kvar klubb.
På laurdag får dei vaksne tilbod om ein aktivitet.
Meir informasjon kjem.
Vaksne får mat og aktivitet gratis.
Vaksne som ligg inne som pårørande til eit medlem i
medlemsregisteret, har eit medlemsnummer, og kan
melde seg på via arrangementet, akkurat som
medlemmane. Er dei ikkje lagt inn eller får
ikkje meldt seg på, ta kontakt med Turid på 4H-kontoret
(Turid.herland@4h.no) (99405269).
Alumnar: Alle alumnar er hjarteleg velkomen. De får gratis kurs mot
at de lagar liv og røre om kveldane saman med arrangør og
kursdeltakarar.
Laurdag får de tilbod om ein aktivitet saman med leiarane/
vaksne frå klubbane.
Har de lyst til å hjelpe til på eit av kursa til medlemmane,
gje beskjed til Turid på 4H-kontoret.
Velkomen til Storkurs i Rosendal!
Venleg helsing Lauvsprett 4H og 4H Hordaland
Kurs | Eigenandel | Kort om kurset |
Klatring | Her får du klatra innendørs i klatrehall under kyndig veiledning. | |
Kajakk instroduksjonskurs | Her vil du få prøve kajakk og læra litt om kajakkpadling | |
Volleyball | Her får du øva litt teknikk og spel i volleyball. Inne i hall. | |
Tur til Malmangernuten 889moh. (krevjande) | Ein krevjande tur, men når du er oppe får du ei fantastisk utsikt over Rosendal og Hardangerfjorden. Det blir ein rundtur der du kjem ned i Muradalen. | |
Tur til Skjethaug-skålafjell- Kjeldestøl | Ein fin rundtur der du kjem deg litt opp i høgda og er innom ein fin støl på veg ned. | |
Paintball | 200 | Her spelar du paintball ute i ulendt terreng. Så her får du opp pulsen. |
Gjærbakst i bakstehus m/vedfyrt steinovn | Bli med i bakstehuset til Brødskreppo og lær å baka nydeleg gjærbaks. Det vert sjølvsagt anledning å smaka på resultatet. | |
Trearbeid med kniv/spikking | Kjell Musland lærer deg å bruka kniven til å laga flotte figurar. | |
Gardsbesøk | Her får du besøka garden til Margit. Ho har mange alpakkaer, høner, kaniner og hest. Kanskje du får gå ein tur med alpakkaene? Laga noko enkelt av alpakkafiber? | |
Smedkurs | Her får du læra å smi enkle ting i Smio på Seim | |
Skyting | 200 | Her får du litt innføring i skytesporten. Det blir litt teori og ein del skyting inne på bane. |
Teikning | Espen Attramadal (sjå instagram espenattramadal) kjem og prøver å læra oss teikneteknikkar. | |
Fotball | Her får du øva teknikk og sjølsagt spela mykje fotball. | |
Flettemamma | Flettemamma kjem og lærer deg å fletta både enkle og meir invikla fletter. | |
Dj-kurs | Lær om det å kopla utsyr og bruka utstyr som Dj av Dj-Edgard. Laurdag kveld får du visst fram kva du har lært. | |
Blomsterdekorering | 200 | Her får du læra litt om kva du finn ute som du kan bruka til å laga dekorasjoner. Du får laga krans og oppsats (kanskje meir). Du får vera med å pynta/ dekka bord. |
Strikking nybyrjar | 200 | Har du lyst til å lære deg å strikke? Vi viser deg enkle grunnprinsippene. |
Mjølkekaker | Her får du lære å lage mjølkekaker. Mjølkekaker vert steikt på takke av ei tynn røre. |