Storkurs 2026

Stad:                Strandebarm skule

Tid:                   10.-12. april. 

Alder:               Juniorar og seniorar. Født 2014 eller tidlegare.

Reise:               De har sjølv ansvar for å koma dykk til kursstaden

Info:                  All informasjon blir lagt ut på heimesida til 4H Hordaland etter kvart som den er klar.


Kva er Storkurs? Storkurs er ei helgesamling for medlemmer som ønskjer å ha det sosialt, samstundes som dei får tilbod om eit spanande og lærerikt kurs

Kor skal vi overnatte? Medlemmene skal overnatte Strandebarm skule. Alle må ta med seg liggjeunderlag, feltseng eller luftmadrass. Dobbel luftmadrass kan de kun ta med viss fleire skal sove på same madrass. 

Får vi mat? Arrangør lager mat til alle på kurset. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, mens kioskvarer er utanom. Dersom du ikkje tåler spesielle matvarer, må du huske å melde frå om dette ved påmelding.

Vaksne:  Minst ein vaksen pr. 10. deltakar frå kvar klubb. 

Vaksne som ligg inne som pårørande til eit medlem i medlemsregisteret, har eit medlemsnummer, og kan melde seg på via arrangementet, akkurat som medlemmane. Er dei ikkje lagt inn eller får dei ikkje meldt seg på. Dei må ta kontakt med Turid på 4H-kontoret: (hordaland@4h.no) (99405269).

Alumnar: Alle alumnar er hjarteleg velkomen. De får gratis kurshelg mot at de lagar liv og røre om kveldane saman med arrangør og kursdeltakarar. På dagtid laurdag kan de gjera som de har lyst til, eller hjelpe til på eit av kursa til medlemmane. Gje beskjed til Turid på 4H-kontoret.

 

Deltakarstøtte: Økonomi skal ikkje vera ei hindring for å delta i 4H. Det er mogleg å

                          søkje deltakarstøtte frå 4H Norge. Informasjon og søknadskjema.

Påmelding:      Kjem på heimesida til 4H Hordaland. Bindande påmelding.

 

 

Velkomen til Storkurs i Strandebarm!

Venleg helsing Hjorten 4H og 4H Hordaland