- Arrangør: 4H Hordaland
- Kinsarvik
- (heldags)
Aktivitet
Bli med på årets storkurs med mange spanande aktivitetar!
Meir informasjon kjem etter kvart. Blant anna kurstilbod, program, pris og påmelding.
Kva er Storkurs? Storkurs er ei helgesamling for medlemmer som ønskjer å ha det sosialt, samstundes som dei får tilbod om eit spanande og lærerikt kurs
Kor skal vi overnatte? Medlemmene skal overnatte Fjordahallen. Alle må ta med seg liggjeunderlag, feltseng eller luftmadrass. Dobbel luftmadrass kan de kun ta med viss fleire skal sove på same madrass.
Får vi mat? Arrangør lager mat til alle på kurset. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, mens kioskvarer er utanom. Dersom du ikkje tåler spesielle matvarer, må du huske å melde frå om dette ved påmelding.
Alle må ta med plastfat, kniv og kopp til frukost, og alle som drikk kaffi/te må ta med sin eigen kopp.
Stad: Oppmøte: Fjordahallen, Bråvoll 32, 5780 Kinsarvik
Tid: 7. - 9. mars 2025
Påmelding:Påmelding i medlemsregisteret før 10. februar. Bindande påmelding.
Reise: De har sjølve ansvar for å koma dykk til kursstaden.
Info: All informasjon blir lagt ut her, på dette arrangementet.
Vaksne: Minst ein vaksen pr. 10 deltakar frå kvar klubb
Påmelding vaksne: Vaksne som ligg inne som pårørande til eit medlem i medlemsregisteret, har eit medlemsnummer, og kan melde seg på via arrangementet, akkurat som medlemmane. Er dei ikkje lagt inn eller får ikkje meldt seg på, ta kontakt med Turid på 4H- kontoret, (hordaland@4h.no) (99405269).
Alumnar: Alle alumnar er hjarteleg velkomen. De får gratis kurshelg mot at de lagar liv og røre om kveldane saman med arrangør og kursdeltakarar.
På dagtid laurdag kan de gjera som de har lyst til, eller hjelpe til på eit av kursa til medlemmane. Gje beskjed til Turid på 4H-kontoret.
Velkomen til Storkurs i Kinsarvik!
Venleg helsing Hårteigen 4H og 4H Hordaland
Ta med:
- Sovepose og liggjeunderlag
- Plastfat, kniv, kopp til frukost. Alle som ønskjer kaffe/ te må ta med kopp til dette.
- Toalettsaker
- Tøflar/ innesko/ raggsokkar
- Klede til å vera inne i
- Drikkeflaska
- Såpe og handkle om du vil dusja etter aktiviteten
- Det du treng til aktiviteten din
- Kontantar eller kort til kiosk