Meir informasjon kjem.

 

Stad:          Oppmøte: Vigdartun, Sveiogata 32, 5550 Sveio

                   Overnatting: 

Tid:            8. - 10. mars 2024

Alder:        Juniorar og seniorar. Født 2012 eller tidlegare.

Max:           200 deltakarar

Pris:           ? kr. Dette dekker mat, opphald, kurs og aktivitet.

 Nokre kurs har eigenandel. (Sjå kursoversikt når den kjem).

Kva er Storkurs? Storkurs er ei helgesamling for medlemmer som ønskjer å ha det sosialt samstundes som dei får tilbod om eit spanande og lærerikt kurs

Kor skal vi overnatte? Medlemmene skal overnatte på Sveio skule. Alle må ta med seg liggjeunderlag, feltseng eller luftmadrass. Dobbel luftmadrass kan de kun ta med viss fleire skal sove på same madrass. Fleire klubbar blir plasssert i same klasserom, så det er viktig at alle tar hensyn til kvarandre, slik at alle får sove.

Får vi mat? Arrangør lager mat til alle på kurset. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, mens kioskvarer er utanom. Dersom du ikkje tåler spesielle matvarer, må du huske å melde frå om dette ved påmelding.

Alle må ta med plastfat, kniv og kopp til frukost, og alle som drikk kaffi/te må ta med sin eigen kopp.

Påmelding:Påmelding i medlemsregisteret før ?. Info kjem

                    Bindande påmelding.

Viktig:         Meld dykk på berre eit kurs i medlemsregisteret.

           Vi tek bort kurs frå medlemsregisteret så fort vi

           ser at dei er fullbooket.

Reise:         De har sjølve ansvar for å koma dykk til kursstaden i tide.

Info:            All informasjon blir lagt ut på heimesida til 4H Hordaland under storkurset

Vaksne:       Minst ein vaksen pr. 10. deltakar frå kvar klubb. Leiaren må være 18 år eller eldre, og godkjent av klubben.

                    På laurdag får dei vaksne tilbod om ein aktivitet.

                    Vaksne får mat og aktivitet gratis.

Vaksne som ligg inne som pårørande til eit medlem i medlemsregisteret, har eit medlemsnummer, og kan melde seg på via arrangementet, akkurat som medlemmane. Er dei ikkje lagt inn eller får ikkje meldt seg på, ta kontakt med Turid på 4H-kontoret  (Turid.herland@4h.no) (99405269).

  Alumnar:    Alle alumnar er hjarteleg velkomen. De får gratis kurshelg mot

                     at de lagar liv og røre om kveldane saman med arrangør og

                     kursdeltakarar.

                     Laurdag får de tilbod om ein aktivitet saman med leiarane/

                     vaksne frå klubbane.

                     Har de lyst til å hjelpe til på eit av kursa til medlemmane,       

                     gje beskjed til Turid på 4H-kontoret.

      

Velkomen til Storkurs i Sveio!

             Venleg helsing Lid 4H og 4H Hordaland


Førebels program

FREDAG:                                                                                    

1800 - 1900  Oppmøte på Vigdartun. Ein deltakar frå kvar klubb går til

   kurskontoret for å registrere deltakarane. De får utdelt

   armband til kvar deltakar, informasjon og fordeling på rom.

1830 - 1945   Middag

2000             Kursinformasjon Vigdartun

2030 - 2115  Bli kjend                         

2130             Leiarsamling

2130            Open idrettshall og kantine med kiosksal. Volleyball.

2400             Ro i klasseromma.

LAURDAG:

0730 - 0900  Effektiv vekking / frukost og smøring av nistepakke.

0915             Samling i Vigdartun. Inndeling av deltakarane etter kursval.   

   Avreise til dei ulike kursa

1000 - 1600  Kurs, ta med niste                                                                                    

1600 - 1700  Suppe

1700 - 1900  Frivillig aktivitet eller berre slappe av          

1930 - 2030  Middag           

2030 - 0100   Kiosk open

    Diskotek, volleyball-turnering og andre aktivitetar

2130              Leiarsamling

2400              Ro i klasseromma.

 

SUNDAG:

0800 - 1000   Vekking/frukost /rydding

1000             Heimreis. Deltakarane må sjølve ordne skyss.


Pakkelista:

# Sovepose

# Liggjeunderlag

# Toalettsaker

# Tøflar/ innesko/ raggsokkar

# Klede til å vera inne i

# Klede/sko til å gå mellom husa (det er meldt regn)

# Drikkeflaska

# Såpa og handkle om du vil dusja etter aktiviteten

# Det du treng til aktiviteten din