Kva? Natturnering i volleyball. Det vert også andre ballspel som fotball og kanonball, mykje latter og glede. Alle får varmmat og frukt på kvelden. Om morgonen få de frukost før de reiser heim.  

Kvar? Fjordahallen i Kinsarvik

Når? 24-25 januar  kl 18.00 - 00.00

For kven?  4H-medlemmer fødd i 2013, eller tidlegare. 

Pris? 100,- pr person. 

Hårteigen 4H ynskjer 4H-medlemmer i Hordaland fødd i 2013 eller tidlegare velkommen til natturnering i Fjordahallen i Kinsarvik fredag 24 januar. Dørene opnar klokka 18.00. Me avsluttar spelet kl 00.00. 

Me skal spela fotball, kanonball, ha volleyballturnering og det vert god stemning. Alle får frukt/ varmmat utover kvelden. Dei som ynskjer det kan overnatta i Fjordahallen til søndagen. Dei som overnattar får frukost på morgonen før dei reiser heim. 

Usikker på om de greier å stilla eit heilt volleyballlag frå klubben? Ingen problem! Me lagar volleyballag på tvers av alder, kjønn og 4H-klubbar. 


Ta med: 

- innesko med lyse sålar

- Drikkeflaske

- evt liggeunderlag, sovepose og toalettveske viss du skal overnatta. 


Meld på via mail til: haarteigen4h@gmail.com  innan fredag 16. januar.. Det er fint om klubbane melder seg på samla. Me treng info om: 

  • Namn

  • Fødselsår

  • 4H-klubb

  • informasjon om du skal overnatta, eller om du reiser heim på kvelden.  

  • evt. allergiar/ ting me må ta hensyn til. 


Natturneringa kostar 100,- pr person. Då får de varmmat, frukt og frukost.

Betaling til kontonr. 3450. 30. 19967. Hugs å merka med namn. 

 

Me gler oss! 

Venleg helsing Hårteigen 4H