Dei 50 bilettane vart reve vekk på 48 timar.

 



No har du sjansen til å sikra deg «EKSTREMT tidleg ute»-billett til 4H Hordaland sin landsleir på Voss i 2024, medan du framleis har den herlege leirkjensla i kroppen!
 

Ved å kjøpa «EKSTREMT tidleg ute»-billett får du fordelen av å velja blant eit breitt utval av våre aktivitetar før alle andre. 
 

Når du melder deg på betalar du 500 kr og resten av beløpet, 2500 kr, betalar du når aktivitetane er klare. Dette gjer det enkelt for deg å sikra deg ein plass utan å måtte betala alt på ein gong. Du kan allereie no glede deg til å delta på spennande aktivitetar og opplevingar.
 

Men det blir endå betre! Alle som sikrar seg ein plass med våre «EKSTREMT tidleg ute»-billett, får eit leirmerke med påmeldingsnummeret sitt. Leirmerket kan du stolt festa på leirbuksa di, allereie på årets nordisk leir. Det er eit synleg teikn på at du er ein del av det eksklusive fellesskapet som har sikra seg plass på landsleiren. 
 

Pass på å sikra deg billett tidleg, då «EKSTREMT tidleg ute» tilbodet, berre har 50 billettar.
Planlegg allereie no og gled deg til ein sommar fylt med spenning og minnerike augneblink.

 

Me ser fram til å ynskja deg velkomen til landsleir PAO VOSS i 2024!