- Pris: Kr 700,-
- Arrangør: 4H Hordaland
- Mjølfjell
- (heldags)
Aktivitet
Vintersportshelg for medlemmar født 2010-2012
Program og invitasjon juniorsprell
Kvar: Juniorsprellet skal vera på Mjølfjell. Me skal vera i Mjølfjell grendahus på adressa Allmenningsvegen 65.
Kortid: Samlinga varar frå fredag 26. til søndag 28. januar.
Kven: Juniorsprell er for dei som er fødd i 2010-2012.
Kva: Juniorsprell er ei lærerik og kjekk helg for deg som eg junior. Me er både inne og ute, me lærar, leikar, lagar mat, går på tur, akar, lagar skihopp og speler kort… moglegheitene er endelause.
Me held til på Mjølfjell der det er garantert mykje snø. Temaet for samlinga blir snø og friluftsliv, me skal lære meir om korleis ferdast i ute snøen, og sjølvsagt skal me leika og kosa oss både inne og ute. Me legg opp til ein langrenn skitur på laurdagen, så ta med deg ski og skiutstyr, sei i frå om du ikkje har så ordnar me det. Me ser ann lengda og nivået på skituren når me blir kjent med kvarandre på fredag, poenget er å få ei god oppleving, ikkje ein beinhard topptur.
Vaksne/pårørande: Me treng to pårørande/vaksne frå klubbane (frå dei klubbane som sender deltakarar) som kan hjelpe våre leiarar. Dette treng me for at medlemmene skal få ei god oppleving.
Reise: Til Mjølfjell går det an å køyre bil eller ta tog, me satsar på at flest mogleg tar toget i lag med oss både opp, og ned. På fredagen kan du ta toget frå Bergen, men me går i samla tropp inn på toget frå Voss stasjon. Tog avgang frå Bergen kl. 16.29, tog avgang Voss kl. 17.51, tog ankomst Mjølfjell kl. 18.22.
På søndag tar me toget i lag frå Mjølfjell kl. 12.14, då er me på Voss kl. 12.56, og i Bergen kl. 14.14. (billett til toget må du ordne sjølv)
Pris: Samlinga kostar kr.700,-. Det er gratis for pårørande/ vaksne.
Påmelding: Frist for påmelding er 14. januar
Det er kun 12 deltakarar som får plass på denne samlinga, så ønskjer du å delta må du melde deg på med ein gong.
Påmeldinga er bindande. Dette betyr at om du må melda deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (14. januar), må du likevel betala deltakaravgift. Unntaket er om du vert sjuk og kan visa til attest frå legen. Skulle dette skje, må du snarast senda e-post eller ringa til Turid på 4H-kontoret (hordaland@4h.no, mobil: 99405269).
For å melda deg på må du finna fram medlemsnummeret ditt i 4H. Om du ikkje hugser passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord vert sendt til registrert e-postadresse.
Leiarar på Juniorsprell er Steffen Stråtveit: 92 16 26 46
Nicolaj Ø. Disselhost: 96 62 73 47
Pakkeliste:
- Langrennsski, sko og stavar
- Klede til å vere ute (sjå vêrmeldinga)
- Hua, vottar, bøff og solbriller
- Klede til å vere inne
- Sovepose til innandørs
- Toalettsaker
- Drikkeflaska og matboks
- Ein liten dagstursekk/ snurpebagg
Kan vere kjekt/ ta med om du har
- Akebrett, miniski
- Snøspade
- Termos
- Kortstokk eller andre spel
Program
Fredag
18.30 Oppmøte på hytta
19.00 Middag
20.00 Bli kjent og sosialt
22.00 Leggetid
Laurdag
08.00 Vekking og frukost
09.00 Kler på oss og går ut
09.30 – 15.30 Skitur/uteleik
12.00 Lunsj
16.00 Middag
17.00 Sosialt og leik inne eller ute
20.00 Kveldsmat, me evaluerer dagen og lærar nye ting om friluftsliv på vinteren
21.00 Fritid
23.00 Leggetid
Søndag
08.00 Vekking og frukost
09.00 Alle er med å rydde og vaske ut av hytta
11.00 Nokon leikar om me får tid
12.00 Tog heimatt