- Arrangør:
- Norge
- (heldags)
Aktivitet
Året 2025 er Friluftslivets år, og dette skal 4H Norge og 4H Hordaland feira gjennom mange flotte arrangement og aktivitetar. Gjennom året skal me oppdaga nærnaturen vår, invitera kvarandre ut, og prøva nye friluftsaktivitetar!
Heile Noreg bålar er konseptet for opningsarrangement over heile landet laurdag 18. januar. Organisasjonar, lokale lag og kommunar er i gang med å planleggja korleis dette kan løysast hos seg. Kanskje du kan bidra med noko?
Prosjektsekretariet for Friluftslivets år er tilsett i Norsk Friluftsliv, og det finst mykje god og nyttig informasjon på nettsidene deira: https://friluftslivetsar.no/
Der står det følgjande 🔥🔥🔥:
Heile Noreg bålar er konseptet for opningsarrangement over heile landet laurdag 18. januar. Organisasjonar, lokale lag og kommunar er i gang med å planleggja korleis dette kan løysast hos seg. Kanskje du kan bidra med noko? Tanken er at ved å samlast rundt bål kan du bli kjent med andre som ønskjer å vera i naturen, og dei som tilbyr aktivitetar for dette lokalt. Du kan også bruka denne dagen til å tenkja på kva du har lyst å prøva av nye aktivitetar dette året, om det er nokon du kan invitera med, og kva som kan vera fint å oppdaga i naturen der du bur. Vidare er dette også ein dag det kan vera fint å snakka med andre om korleis ta vare på naturen i nærområdet ditt.
Vi oppfordrarar alle klubbar i 4H Hordaland til å planleggja aktivitetar med bål i fokus, og invitera ikkje-medlemmer frå nærområdet til å bli med.