Stad:

Thon Hotel Bergen Airport
Gratis parkering og kort veg frå flystripa.

Kjem du med fly? Kjøp billett (sone A) på bybanen (Skyss).Ta banen til stoppestedet Birkelandsskiftet. Du ser hotellet frå haldeplassen.

Kort frist for påmelding:

Søndag 18. september (midnatt) er fristen for å melde seg på.

Kva kostar samlinga:

4H-fylket ditt dekker reise og opphald. 

Kven kan melde seg på?

Samlinga er berre for 4H-arar med verv i eit av fylkesstyra på vestlandet (4H Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland eller Sogn og Fjordane)

Bestilling av reise:

Avtal reisemåte og tider med leiaren i fylkesstyret ditt. Hugs at Widerøe har godt tilbod frå nord og sør og vel ungdomsbillett om du kan. Billegaste reisemåte gjeld alltid i 4H :) Legg ut og få pengene att etterpå (reiserekning ligg som vedlegg her). Dersom det er vanskeleg for deg å legge ut, tar du kontakt med 4H-kontoret i fylket ditt eller styreleiaren din.

Møterom:

Vi har eitt stort og tre mindre møterom på hotellet både laurdag og søndag. Eit rom til kvart styre. Dermed kan de styre tida litt sjølv.

Pakkeliste:

  • PC kan vere lurt å ha
  • Godt humør
  • Pyjamas
  • toalettsaker

Soverom:

Sidan dobbeltrom er mykje billegare enn enkeltrom, er dette standard. Skriv i friteksten (påmeldingen) kven du ønskjer å dele rom med. Dersom du av helsemessige årsaker treng enkeltrom, skal du sjølvsagt få dette. Kryss av for "ønskjer enkeltrom" i påmeldinga.

Program

Fredag 30. september
2000 Middag - Velkomen
2100 bli kjent
2130 Kva skjer i fylka?  

Lørdag 1. oktober
0900 Oppvarming
Kva styringsdokument har vi?  Mål, strategiar og planar for 4H Norge?  
1000 Diskusjon i plenum: Kva bør med i handlingsplan for 2023 og 2024? Kva berekraftsmål skal vi sette oss?  
1100 Tilsette kjem til hotellet og blir med i diskusjonen
1200 Lunsj
1300 Diskusjon fylkesvis: Kva bør med i vår handlingsplan?
1400 pause
1430 Diskusjon fylkesvis: Korleis vil vi prioritere? Skal tiltaka inn i budsjett for 2023 - 2024 - 2025?  
1515 pause
1530 Diskusjon fylkesvis: Korleis vil vi prioritere? Skal tiltaka inn i budsjett for 2023 - 2024 - 2025?
1615  Plenum: vi deler prioriteringer og tiltak
1700 Middag  

ca 1900 Vi er sosiale

Søndag 2. oktober
0900 tid til styremøter
1200 Lunsj vel heim

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med regionkoordinator Synnøve Jørgensen. Ho er med på heile samlinga fredag til søndag.