- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: 4H sine fylkeslag i vest
- Villa Solhaug, Bjorøy
- (heldags)
Organisasjon
Hurra! Det er tid for å samle alle fylkesstyra i vest! Dette er ei samling for deg som er leiar, styremedlem, varamedlem eller alumnrepresentant i eit av fylkesstyra på vestlandet (4H Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal).
Stad:
I år har vi leigd Villa Solhaug på Bjorøy.
Huset ligg ca 30 min køyring frå flystripa/Flesland. Det er stor parkeringsplass for alle som kjem med bil. Buss 43 går forbi, men vi organiserer noko fellestransport frå/til Flesland for dei som treng det (hugs å melde frå om når du kjem/reiser).
Påmeldingsfrist:
Sundag 24. august (midnatt) er fristen for å melde seg på.
Bestilling av reise:
Avtal reisemåte og tider med leiaren i fylkesstyret ditt. Hugs at Widerøe har godt tilbod frå nord og sør og vel ungdomsbillett om du kan. Billegaste reisemåte gjeld alltid i 4H. Legg ut og få pengene att etterpå (reiserekning ligg som vedlegg her). Hugs alltid å ta vare på kvitteringane.
Dersom det er vanskeleg for deg å legge ut, tar du kontakt med 4H-kontoret i fylket ditt eller styreleiaren din. Fordi fylka bytter på å ha det administrative ansvaret for denne samlinga, skal reiserekninga denne gongen utbetalast av 4H Hordaland (send reiserekninga til vest@4h.no). Til slutt samlar vi alle kostnadne og deler på dei fire fylka.
Oppgavefordeling:
Regionleder Synnøve deler opp alle i grupper slik at vi blir bedre kjent, får oppgaver gjort og har det kjekt.
Det blir grupper for:
- matlaging
- rydding og oppvask
- sosiale aktiviteter/underholdning
- rydding (alle)
Se hvilket måltid du har ansvar for å lage til eller ta oppvasken etter. (PDF, 201KB)
Møterom:
Villa Solhaug har mange rom - mellom anna eit stort kjøkken. Her må vi berre fordele oss så godt vi kan. Huset har wifi, men ingen projector/lerret.
Pakkeliste:
- PC kan vere lurt å ha
- Godt humør
- Pyjamas
- Badetøy (om du vil prøve Jacuzzien)
- handkle
- toalettsaker
- uteklede
Soverom:
I Villa Solhaug er det til saman 10 soverom. Første mann til villa får velje seng og rom.
Program:
| tid | program |
|---|---|
| 1900 | Ankomst Villa Solhaug |
| 1930 | Middag (Taco) |
| 2100 | Samtale med Martin: Hordaland |
| 2130 | Samtale med Martin: Rogaland |
| Tid | program |
|---|---|
| 0800 | Frukost |
| 0900-0930 | Morgonsamling og kort namnerunde |
| 0930-1015 | Kva er viktig i eit mellomår som 2025? -handlingsplan/årsplan/budsjett |
| 0930 | Samtale med Martin: Møre og Romsdal |
| 1000 | Samtale med Martin: Sogn og Fjordane |
| 1015-1030 | Pause |
| 1030-1050 | Hordaland fortel om arbeidet sitt siste halvåret |
| 1050-1110 | Sogn og Fjordane fortel om arbeidet sitt siste halvåret |
| 1110-1130 | Rogaland fortel om arbeidet sitt siste halvåret |
| 1130-1150 | Møre og Romsdal fortel om arbeidet sitt siste halvåret |
| 1200-1300 | Lunsj |
| 1300-1530 | Teambuilding (vi er ute) |
| 1530-1600 | mellommat (frukt) |
| 1600-1700 | Landbrukets år 2026 -info |
| 1700-1715 | pause |
| 1715-1800 | Landbrukets år 2026 -gruppearbeid |
| 1800 | planlegge sosialt i kveld / lage middag |
| 1900 | Middag (pølselapskaus) |
| Sosialt |
| Tid | program |
|---|---|
| 0800 | Frukost |
| 0900-1145 | tid til styremøter/arbeidsmøter |
| 1200 | Lunsj/matpakke |
| 1230-1330 | Alle er med på å rydde huset før vi drar |
Det kan bli endringar i programmet.