- Arrangør: 4H Hordaland
- Tittelsnes
- (heldags)
Leir
Sisu 4H arrangerer fylkesleir 5.-7. juni på festningen på Tittelsnes
Sisu 4H ønskjer velkomen til Fylkesleir på Tittelsnes
Stad: Festningen på Tittelsens
Overnatting: I telt
Tid: 5. - 7. juni
.
Kva er fylkesleir? På leir overnatter og bur du i eit telt saman med andre frå din klubb eller vener du kjenner frå andre klubbar. I hovedsak søv dei fleste i lavo eller telt på luftmadrass, liggjeunderlag eller feltseng. Arrangør serverer all mat, men du må ta med deg plastfat, bestikk og kopp.
Det kan vera lurt å ta med seg ein liten sekk og vannflaske når ein skal på tur eller ut på aktivitet.
I løpet av leiren får du tilbud om ein hovedaktivitet som du melder deg på på ved påmelding. Av og til drar alle leirdeltakarane på ein felles tur. Volleyballturnering og tautrekking er ein fast aktivitet på leir.
Miljøtorg
Miljøtorget er open om kveldane. Dette er ein samlingsplass med sitteplassar, kiosk og leik. Her har du moglegheit til å spele kort og brettspel, være sosial, danse og ikkje minst få deg noko godt å ete frå Alumnklubben sin kiosk.
H.A.N.S.A. (alumnklubben i Hordaland) stiller opp kvart år med topp underhaldning, aktivitetar og kiosk - ikkje minst H.A.N.S.A.-spesial
Volleyball
Ingen leir utan volleyball. Årets Landkredittbankcup startar allereie laurdag med gruppespel.
Landsleir kick-off
Laurdag blir det leir-kick.off for alle som skal på landsleir. Her får de informasjon om leiren og kva de må gjera for å få ein flott leir.
Leiarar
Alle klubbar stiller med leiarar, minst 1 pr. 10 deltakar. Leiarane må stille på leiarmøte kl. 21.00 kvar kveld for å få informasjon om program og kva medlemmene må hugse på/ta med seg. Dei har ein kaffekrok, med kaffi/te tilgjengeleg.
Mat
Alle får frukost, lunsj og middag. Du kan smørje niste i tillegg.
Kontaktperson:
Jofrid Valen: mobil 99119903
4H Hordaland: mobil: 99405269
Hjarteleg velkomen!
Helsing Sisu 4H