Tittelsnes fort er eit kystfort som blei bygd av tyskerane under 2. verdenskrig. Det ligg heilt nord i Sveio kommune. Området blir i dag brukt som øvingsområde for heimevernet. Det er ein spanande plass med løpegraver, bunkerser og ulike bygningar.

Stad:                    Festningen på Tittelsens

Overnatting:        I telt + nokre hengekøyeplassar. Liten teltplass. Begrens størrelse på telt, evt. store telt der fleire kan bu i lag

Tid:                       5. - 7. juni

Alder:                  Født 2013 eller tidlegare

Pris:                     Kr. 800,- for medlemmar.

                             Kr. 200,- for vaksne. Faktura blir sendt til klubbane i etterkant.

                             Gratis for alumnar 

Påmeldingsfrist : 17. mai  Kontaktperson: Jofrid Valen: mobil 99119903

                            4H Hordaland: mobil: 99405269              .

Kva er fylkesleir? På leir overnatter og bur du i eit telt  saman med andre frå din klubb eller vener du kjenner frå andre klubbar. I hovedsak søv dei fleste i lavo eller telt på luftmadrass, liggjeunderlag eller feltseng. Arrangør serverer all mat, men du må ta med deg plastfat, bestikk og kopp. 

Det kan vera lurt å ta med seg ein liten sekk og vannflaske når ein skal på tur eller ut på aktivitet.

I løpet av leiren får du tilbud om ein hovedaktivitet som du melder deg på på ved påmelding. Av og til drar alle leirdeltakarane på ein felles tur. Volleyballturnering og tautrekking er ein fast aktivitet på leir.

Miljøtorg

Miljøtorget er open om kveldane. Dette er ein samlingsplass med sitteplassar, kiosk og leik. Her har du moglegheit til å spele kort og brettspel, være sosial, danse og ikkje minst få deg noko godt å ete frå Alumnklubben sin kiosk. 

I år stiller H.A.N.S.A. (alumnklubben) opp med topp underhaldning, aktivitetar og kiosk i Miljøtorget kvar kveld - ikkje minst H.A.N.S.A.-spesial. På laurdag kveld blir det show med tema kamuflasje.

Sceneshow

Enkelte personar eller grupper kan melde seg på med eit innslag til sceneshow. Til dømes song, dans, trylling eller sketsj er passande innslag eller noko anna lurt. Bruk fantasien!

Detta er moro og du kan vinna fine premiar.

Alle klubbar bør minst ha eit innslag til sceneshow, kva type innslag vel de sjølve. Klubbane vert fordelt på sceneshowet laurdag og søndag kveld.

Me har lydanlegg og mikrofon. Fine premier å vinna!

Volleyball

Ingen leir utan volleyball. Årets Landkredittbankcup startar allereie laurdag med gruppespel. Me ønskjer påmelding fredag kveld.

Landsleir kick-off

Laurdag blir det leir-kick.off for alle som skal på landsleir. Her får de  informasjon om leiren og kva de må gjera for å få ein flott leir.

Leiarar

Alle klubbar stiller med leiarar, minst 1 pr. 10 deltakar. Leiarane må stille på leiarmøte kl. 21.00 kvar kveld for å få informasjon om program og kva medlemmene må hugse på/ta med seg. Dei har ein kaffekrok, med kaffi/te tilgjengeleg.

Det er ønskjeleg at leiarar kan bidra med køyring til/ frå aktivitetane. 

Mat

Alle får frukost, lunsj og middag. Du kan smørje niste i tillegg. Nokon aktivitetar har lunsj.

Leiarar

Alle klubbar stiller med leiarar. 1 leiar pr. 10 deltakar. Dei må stille på leiarmøte kl. 21.00 kvar kveld for å få informasjon om program og kva medlemmene må hugse på/ta med seg. Leiarane har ein kaffekrok, med kaffi/te tilgjengeleg.  

Aktiviteter

Antall

Beskrivelse

Fjelltur til Trollavassnipen

20

Sveio høgaste topp, 432 moh. Anbefaler tursko/fjellsko og turklær.

Tradisjonell baking lefser/nordlandskake

14

Baking av lefser, nordlandskaker på steiketakke og boller. Ta med eige forkle og hårstrikk.

Maling med acryl

10

Maling med acryl maling på lerret.

Fotball/Vollyball

24

Det blir fotball i ballbinge og teknikk trening. Vollyballtrening inne i gymsal og trening  på teknikk

Leirdueskyting

14

Skyting på skytebane ute, leirdueskyting

Mat på bål

15ii

3 retters matlaging på bål.

Fiske

15

 Fiskestang og sluk. Vi har redningsvester til utlån.

Kajakk

12

Vi har redningsvester. Det er egenandel på 400 kr. Bytteklede i tilfelle de velter eller øver på velt.

Pynting av leirbukse og nålefilting

12

Her kan du pynte din egen leirbukse. I tillegg blir det nålefilt. Ta med eiga leirbukse, eller bestill på 4H-kontoret (hordaland@4h.no), eller kjøp på leiren. Pris kr. 600  Arrangør stiller med strykemerker og tusjer. Ta gjerne med ting selv som de vil ha på buksa.

 

Alle må ta med

  • Sovepose, liggjeunderlag og telt/lavvo
  • Campingstol om du har
  • Plastkopp, kaffi/tekopp, kniv, gaffel, og plastfat til frukost og kveldsmat (de får fat til middagane) 
  • Kle etter været - sjekk vêrmeldinga!
  • Toalettsaker + handkle
  • Kle ol. til «Kamuflasje » i miljøtorget laurdag kveld.
  • Lommepengar og vipps til kiosk
  • Lommelykt
  • Drikkeflaske og gode sko
  • Liten sekk for mat og kle til kurs og tur
  • Frivillig: Badekle

 

Hjarteleg velkomen!

Helsing Sisu 4H

 

Fylkesleiren er sponsa av:

Tine

Landkreditt bank

Gartnerhallen

Miljødirektoratet

Gjensidigestiftelsen 

Sparebanken Norge