Lid 4H og Spretten 4H ønskjer velkomen til Fylkesleir i Sveio i pinsehelga!

Tema i år er "Hjerte for friluftsliv, 4H i det fri"

 

Stad:                    Lid Grendahus, 5550 Sveio

Overnatting:        I telt v/ Lid Grendahus

Tid:                       6. - 9. juni

Alder:                   Født 2013 eller tidlegare.

Max:                     150 deltakarar

Pris:                      900,- kr. Dette dekker mat, opphald, kurs og aktivitet.

                              Nokre kurs har eigenandel. (Sjå kursoversikt).

Deltakarstøtte:     Økonomi skal ikkje vera ei hindring for å delta i 4H.

                              Det er mogleg å søkje deltakarstøtte frå 4H Norge.

                                        Informasjon og søknadskjema.

Påmelding:          Via heimesida til 4H Hordaland før 9. mai. Bindande påmelding.

Allergiar:             Pga. store utfordringar med allergimat på dei siste arrangementa,

                                       har me bestemt at me lagar allergimat til dei med laktose, gluten og

                             nøtteallergi. Fint om dei som har andre utfordringar innan

                              matallergiar tek med middag sjølve. Me lagrar og varmar

                                        sjølvsagt opp deira mat òg. Ta gjerne kontakt med: Lilly: 91105954

Viktig:                   Meld dykk på berre eit kurs i medlemsregisteret.

                              Vi tek bort kurs frå påmeldinga når dei er fullbooket.

Reise:                   De har sjølve ansvar for å koma dykk til kursstaden i tide.

Kiosk                     Her kan de betale med vipps, kort og kontanter.

Info:                       All informasjon blir lagt ut på heimesida til 4H Hordaland

Vaksne:       Minst ein vaksen pr. 10. deltakar frå kvar klubb. Pris kr. 200,- pr. vaksen. Klubben vil bli fakturert i etterkant av påmeldinga.

På laurdag kan dei vaksne gå tur i nærmiljøet. Turforslag kjem. Me treng litt hjelp på nokre aktivitetar, til dømes til køyring til dei ulike aktivitetane.

Vaksne som ligg inne som pårørande til eit medlem i medlemsregisteret, har eit medlemsnummer, og kan melde seg på via arrangementet, akkurat som medlemmane. Er dei ikkje lagt inn eller får dei ikkje meldt seg på, ta kontakt med Turid på 4H-kontoret: (hordaland@4h.no) (99405269).

Alumnar:     Alle alumnar er hjarteleg velkomen. De får gratis kurshelg mot at de lagar liv og røre om kveldane saman med arrangør og kursdeltakarar. På dagtid laurdag kan de gjera som de har lyst til,   eller hjelpe til på eit av kursa. 

 

Velkomen til Fylkesleir i Sveio!


 

Kurs

Stad

Eigenandel

Riding                                                                   

Ta med: Sko/støvler

Me skal til Haugaland hestesportsenter på Frakkagjerd for å lære meir om hest og hesteriding.

 

250

Fridykking                                                          

Alle må sende desse opplysningane til

hordaland@4h.no med ein gong de er påmeldt:

NAVN:

ALDER:

VEKT:

SKONR:

Ta med: Badekle og handkle

Me skal til Bømlafjorden på Bua og har introduksjon til fridykking med fokus på neddykkingsteknikk, utlikning, pusteteknikk og livredning. Samt litt lek og moro.

 

 

 

100

Paintball     

Alle må sende inn eigenerklæringsskjema når dei har meldt seg på kurset. Sjå vedlegg.                                                     

Ta med: Kle og sko som kan bli skitne

På Vikse Paintball i Sveio har dei ein svært populær paintballbane. Her får du utfordra deg samtidig som du har det gøy.

 

 

300

Karate                                                                   

Ta med: treningstøy og vannflaske

Er du interessert i kampsport? Då er dette kurset for deg. Sveio karateklubb lærer deg karate. Både for nybyrjarar og vidarekomne.

 

Dans: moderne dans/showdans                             Ta med: treningstøy og joggesko

Er du glad i dans og å bevege kroppen til musikk? Då er dette kurset midt i blinken for deg.

Me har med oss instruktørar frå verdsmeisterane Sveio Drill.

Det vil verta mykje danseglede!

 

Trening og vannaktivitet                          

Ta med: treningstøy, joggesko, badetøy, håndkle og vannflaske

Er du glad i trening både på land og i vatn? Me skal til Rørsle på Fjon og ha ei treningsøkt ute og ulike vannaktivitetar med Soma Move, styrketrening, sup sit on top-kajak og bading.

 

 

300

Baking: kjeks og småkaker                      

Ta med: Forkle og kakeboks

Likar du å bake får du det gøy her. Du får med deg noko av det me baker, så ta med deg ein boks.

 

Leirdueskyting

Me skal til skytebanen til Haugesund og Sveio skyttarlag med leirdueskyting. Du får god opplæring og får prøve å skyte.

 

Aldersgrense: 14 år

 

 

250

Golf

Golfbanen i Sveio er kjend for å vere ein av Noregs finaste og beste banar. Me startar med introduksjon til golf med ein instruktør og deretter får ein spele på den nye 9-hols bana.

 

 

 

100

Padling i kano på Vigdarvatnet               

Ta med: Uteklede og redningsvest (Gi beskjed om du ikkje har redningsvest)

Kanopadling i nydelege Vigdarvatnet. Her får ein mange fine naturopplevingar.

 

Matlaging på bål

Synes du at mat og helse på skulen er kjekt? Likar du å laga mat, og prøva nye ting? Då er dette kurset for deg!

2025 er friluftslivets år! Det vil me markere med å lage ulik mat på bål.

 

Tur langs Bjellandselva og bålkos.  Fisking for dei som vil prøve fiskelykke i Vigdarvatnet                            

 Ta med: Turklede og gode sko. Fiskestang

Me går langs Bjellandselva ned til Vigdarvatnet der det er gapahuk med bålpanne, Vigdarvatnet er kjend for fiske, så her kan du prøve fiskelykke. Det er og fint å bade her.

Samme kva; me kjem til å tenna bål og kosa oss med lunsj kring bålet.

Dette er ein tur som alle greier!

 

Fotball                                                                    

 Ta med: treningstøy, sko og vannflaske

Me drar til kunstgrasbanen i Sveio og har det gøy med fotballspeling.

 

 

Sjøfiske i Ålfjorden

Ta med: fiskeutstyr/ fiskestang og redningsvest

Me prøver fiskelykken frå båt i Ålfjorden

 

Hobbyverkstad og søm og dekor på leirbuksa                                                           

Ta med: Leirbukse eller bestill frå 4H-kontoret (600,-)

Me har ulike hobbyaktivitetar som puss og brenning på trearbeid, toving, emaljesmykker, i tillegg til at du kan pynte leirbuksa di.

 

 

100

Orientering                                                          

 Ta med: Uteklede, sko og vannflaske

Liker du å vere ute og utforske naturen? Då er turorientering noko for deg.

Med turorientering får du vere ute samtidig som det er spanande å finne fram til dei ulike postane.

Sveio o-lag vil lære deg om orientering og kart før me skal ut på orientering i ei løype på Lid.

 

 


Førebels program

Program fylkesleir 2025

Fredag 6. juni

17.00                  Teltleiren opnar

19.00                  Middag

20.00                  Opningsshow

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljøtorget stenger

 

Laurdag 7. juni

08.00                  Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Aktivitetar

16.00                  Mellommåltid

16.15                  Nordiskleir kick-off

17.00                 Volleyballturnering

19.00                 Middag

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljørtoget stenger

 

Sundag 8. juni

8.00                    Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Tur i nærområdet

16.00                  Middag

17.00                 Volleyballturnering

19.00                  Kvelds

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

02.00                  Miljøtorg stenger

 

Måndag 9. juni

09.00                  Vekking og frukost

10.30                  Avslutning og Premiering

11.00                  Heimreise

 


DESSE SPONSAR FYLKESLEIREN:

 Gartnerhallen

 

Landkreditt

Tine logo