- Pris: Kr 900,-
- Arrangør: 1200
- Spurkeland Vikinggard, Seim
- (heldags)
Leir
Velkommen til fylkesleir på Spurkeland Vikinggard
Leirplassen ligg på Spurkeland Vikinggard (Seimstranda 421, 5912 Seim)
PS: Vi har retta mobilnummer på kontaktperson.
Opning av fylkesleiren
Etter middag ynskjer me at me går i prosesjon/opptog inn på leirområde, for opning av leiren. Lag ei fane viss du ikkje har, med klubbnamnet på.
Leirplassen
Det vil bli kåring av helgas finaste og ryddigaste telttun, så her er det berre til å halde det ryddig.
Miljøtorg
Det blir miljøtorg kvar kveld. Det vil bli kiosk og aktivitetar.
Sankthansaftan ynskjer me at du kler deg som sankthans brud/brudgom, leit i skapet og finn nikkersen til bestefar og sommarkjolen til tante pose og ein blomsterkrans i håret ?
Sceneshow
Enkelte personar eller gruppe/klubber kan melde seg på med eit innslag til sceneshow. Her er alt lov. (song, dans, trylling, sketsj osv)
Her blir det premier å kapre. Me vil helst at de melder inn innslaget før leiren startar.
Send påmelding til: Ingvild tlf. 900 13 898
Skriv fult namn, innslag, klubb og alder.
Ynskjer at alle klubbar har minst eit innslag til sceneshow. Gje beskjed til Ingvild på
Tlf. 900 13 898, viss det er noko de treng.
Volleyball
Det blir volleyballturnering, som startar fredag ettermiddag med gruppespel. For å kunne sette opp kampar ynskjer me påmelding torsdag kveld.
Bading
Blir det fint vêr og me får tid, kan det bli bading. Men her må leiar frå kvar klubb ha ansvar for sine medlemmer.
Leiarar
Alle klubbar stiller med leiarar. Dei må stille på leirarmøte kl. 21:30 kvar kveld for å få informasjon om program og kva medlemmene må hugse på/ta med seg.
Me vil òg bruke leiarane på aktivitetar gjennom helga.
Leirbilde
Me prøver oss på eit leirbilete når alle deltakarane har komme på fredag, evt. på laurdag.
Det vil stå ulike stasjoner der du kan kaste bosset ditt, og me håper akkurat DU hjelper oss med å sortere bosset.
Alle må ta med
- Sovepose, liggjeunderlag og telt/lavvo
- Campingstol om du har
- Plastkopp, kaffi/tekopp, kniv, gaffel og plastfat til frukost (de får fat til middagane)
- Kle etter været -sjekk vêrmeldinga (me satsar på sol og varme ?)
- Toalettsaker +handduk
- Lommepengar og vipps til kiosk
- Lommelykt
- Drikkeflaske, matboks, liten sekk for mat og kle til kurs
- Badekle
- Solkrem og myggolje
Ta med dette til kurset
- Kajakk Badekle, eller ull til å ha under våtdrakta.
- Volleyball Utebane. Joggesko og drikkeflaske
- E-sport Godt humør og drikkeflaske
- Klatring Godt humør og drikkeflaske
- Smiing Godt humør og drikkeflaske
- Paintball Kle som du ikkje er redd for (dei blir nok fargerike)
- Stell av hest/gardsarbeid Godt humør og drikkeflaske
- Mat på bål Skjærebrett og ein kniv, og drikkeflaske
Programmet som er satt opp kan avvike litt.
Kontaktpersonar:
Maren Furesund Lein mobil: 47 68 29 39
Ingvild Langenes mobil: 90 01 38 98
Hjartelag velkomen!
Helsing Samhald II 4H
Vaksne:, Klubbane må stille med minst ein vaksn pr.10 deltakar. Arrangørklubb har eit ynskje om at leiarar hjelper til på aktivtetane.
Alle som melder seg på, får tilsendt informasjon på mail
Desse aktivitetane blir gjennomført:
- Paintball
- Mat på bål
- Volleyball
- Klatring
- Kajakk
- Stell av hest
- Smiing
- E-sport
Program Fylkesleir 2023
Torsdag
18:00 Teltleiren opnar
19:30 Middag
20:30 Prosesjon inn til leirområde for åpning av årets Fylkesleir
21:30 Miljøtorget opnar
21:30 Leiarmøte i Vikinghuset
23:00 Ro i teltleiren
24:00 Miljøtorget stenger
Fredag
08.00 Vekking
08:30 Samlast til flagg heising og går samla til frokost
09:45 Oppmøte ved scena
10:00 Aktiviteter på leirplassen
13:00 Lunsj
16:00 Volleyball turnering
19:00 Middag
20:00 Sankthansaften med utkledningstema
21:30 Miljøtorget opnar
21:30 Leiarmøte i Vikinghuset
23.00 Ro i leiren
00.30 Miljøtorget stenger
Lørdag
08.00 Vekking
08.30 Samlast til flaggheising og vi går samla til frokost, smøring av niste.
09.45 Oppmøte med scenen
10.00 Aktiviteter
15.00 Alle er tilbake til leirplassen
16.00 Mellommåltid
17.00 Volleyball sluttspill
19.00 Middag
20.30 Sceneshow (konkurranser på scena)
21.30 Miljøtorget opnar
21.30 Leiarmøte
23.00 Ro i teltleiren
01.30 Miljøtorget stenger
Søndag
09.00 Vekking og frokost
10.30 Avslutning med premie utdeling
Vel heim