Fylkesleir 2022

Bordalen 4H ynskjer alle velkomne til fyste fylkesleiren på 3 år!

 

Stad               Voss, Gjernes skule (Gjernesmoen 8, 5700 Voss)

Tid                  23.- 26. juni

Alder             Født 2010 eller tidlegare.

Pris                250 kr for Hordalendingar, 800 kr for Sogn og Fjordane,

                       gratis for leiarar og alumnar

På/avmelding innan 27. mai

Vaksne          Klubbane må stille med minst ein vaksen pr. 10. deltakar.                    

 Info               Alle som melder seg på får tilsendt informasjon på mail


Velkomen til Fylkesleir 23.-26. juni 2022

på Gjernes skule, Voss!

Leirplassen ligg ved Gjernes skule (Gjernesmoen 8, 5700 Voss),

der me har leirkontor, parkering, dusj og toalett.

Treng de transport frå Voss sentrum til leirplassen, ta kontakt med                            Turid på 4H-kontoret: 99 40 52 69

Miljøtorg

H.A.N.S.A. (alumnklubben) stiller opp med topp underhaldning, aktivitetar og kiosk i Miljøtorget kvar kveld.

Sceneshow

Enkelte personar eller grupper kan melde seg på med eit innslag til sceneshow. Til dømes song, dans, trylling eller sketsj er passande innslag eller noko anna lurt. Bruk fantasien!

Detta er moro og du kan vinna fine premiar. Me vil helst att de melder på innslag før leiren startar!!

Send påmelding til: Hilda: tlf. 94178189.

Skriv fult namn, innslag, klubb og alder!

Alle klubbar må minst ha eit innslag til sceneshow, kva type innslag vel de sjølve. Klubbane vert fordelt på sceneshowet fredag og laurdag kveld, tidspunkt får de når de kjem på leiren.

Gje beskjed til Hilda på tlf. 94178189, viss det er noko de treng.

Me har lydanlegg og mikrofon. Fine premier å vinna!

Volleyball

Ingen leir utan volleyball. Årets Landkredittbankcup startar allereie fredag med gruppespel. Alumnklubben H.A.N.S.A. har ansvaret, og ønskjer påmelding torsdag kveld.

Tur/ aktivitet fredag

På fredag går vi til Voss Gondol og tar banen opp. Vi tar leirbilete, ete lunsj og har kjekke aktivitetar, før me tar banen ned og går tilbake til leirplassen.

Landsleir kick-off

Fredag kl. 16.15 er det Landsleir kick-off  for alle som skal på landsleir. Her får de møte fleire av leiarane som skal vera med til Breim, de får informasjon om leiren og kva de må gjera for å få ein flott leir.

Bading

Blir det fint ver og me får tid, kan det bli bading for dei som ønskjer det.

Leiarar

Alle klubbar stiller med leiarar. Dei må stille på leiarmøte kl. 21.00 kvar kveld for å få informasjon om program og kva medlemmene må hugse på/ta med seg.

Leiarane har eigen kaffekrok kor dei kan lage seg kaffi/te. Fint om de sjølve tek ansvar for å koke kaffi og holde orden.

Alle må ta med

  • Sovepose, liggjeunderlag og telt/lavvo
  • Campingstol om du har
  • Plastkopp, kaffi/tekopp, kniv, gaffel, og plastfat til frukost (de får fat til middagane)  
  • Kle etter været - sjekk vêrmeldinga!
  • Toalettsaker + handkle
  • Kle/ hårgele ol. til «Rockabilly-party» i miljøtorget laurdag kveld.
  • Lommepengar og vipps til kiosk
  • Lommelykt
  • Drikkeflaske og gode sko til tur
  • Liten sekk for mat og kle til kurs og tur
  • Frivillig: Badekle

 

Ta med dette til kurset

  • Kajakk på Vangsvatnet                            Badekle
  • Volleyball                                                     Utebane. Joggesko og drikkeflaske
  • Trearbeid                                                    Godt humør
  • Sykkeltur rundt Vangsvatnet                 Eigen sykkel, hjelm og drikkeflaske
  • Klatring, buldring                                      Inne. Drikkeflaske
  • Skyting med salonggevær 100m           Godt humør
  • Fotografering, natur                                Fotoapparat, lader
  • Swingkurs                                                   Gode dansesko, drikkeflaske
  • Mekking                                                      Arbeidskle
  • Matlaging med Unge Kokkar                 Forkle

 

Kontaktpersonar:

Steffen Stråtveit                         mobil: 92 16 26 46

Ragnhild Hauge Helland             mobil: 92 28 84 93

 

Hjarteleg velkomen!

Helsing Bordalen 4H

 


Program:

Torsdag

17.00                  Teltleiren opnar

19.00                  Middag

20.00                  Opningsshow med Jonsokfeiring

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljøtorget stenger

 

Fredag

08.00                  Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Felles tur/aktivitet

16.00                  Mellommåltid

16.15                  Landsleir kick-off

17.00                 Volleyballturnering

19.00                 Middag

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljørtoget stenger

 

Laurdag

8.00                    Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Aktivitetar

16.00                  Mellommåltid

17.00                 Volleyballturnering

19.00                  Middag

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

21.00                  Leiarmøte

23.00                  Ro i teltleiren

02.00                  Miljøtorg stenger

 

Sundag

09.00                  Vekking og frukost

10.30                  Avslutning og Premiering


 

Fylkesleiren er sponsa av:

-Prosjektet lærerike opplevingar (Gjensidigestiftelsen) 

- Landkredittbank 

- Unge kokkar 

- Nortura

- Tine

- Voss Sparebank