DISTRIKTSLEIR 4H 2022

Velkommen til distriktsleir på Lid 17-19 juni!?

Leiren er for aspirantar og 1 og 2 årsjuniorar, og skal haldast ved Lid grendahus i Sveio kommune.

Leiravgifta er kr. 500,-+ eigenandel på nokre av aktivitetane. Leiren er gratis for leiarane. Det må være med minst ein leiar pr. åttande deltakar.

Har klubben underhaldningsinnslag til laurdagskvelden, er det flott.

Gje beskjed dersom nokon har allergi og spesielle behov/sjukdom ved påmelding, slik at vi kan ta omsyn til dette.

Det vert tur til Ryvarden kulturfyr for dei vaksne som har lyst på ein tur laurdag .

Medlemmane må velje 3 aktivitetar pga.  nokre kurs fort kan bli fulle. Her gjelder det å være fort ute med påmelding. Påmelding sendast samla frå kvar klubb, og må innehalde namn på deltakar, fødselsdato og aktivitetar 1,2,3.

Samla innbetaling frå kvar klubb til konto nr: 3506.2252.497  merka med klubbnamn.

Påmeldinga sendast til Arne Martin Helland: amhelland06@gmail.com

Kontaktperson for spørsmål om leiren og kurs mm: Lilly Helland, mobil: 91105954

Påmeldingsfrist: 05. juni 2022

Hjarteleg velkomen!?

Helsing LID 4H

 

FAGAKTIVITETAR

  1. Paintball. Eigenandel 400 kr
  2. Sjøfiske på Ålfjorden. Max 10 stk. Vi held flyteplagg. Ta med fiskestong eller anna egna fiskeutstyr.
  3. Hest og riding. Max 15 stk. Eigenandel: 200 kr pr. pers
  4. Gardsbesøk på Flatnes. På garden er det ku, kalv, melkerobot, sau, lam, hund og katt.
  5. Moderne dansekurs. Ta med treningskle og drikkeflaske.
  6. Volleyball i hall og på sandvolleyballbane. Ta med innesko, treningskle og drikkeflaske
  7. Kakebaking. Max 10 stk. Vi bakar og lærer å pynte kaker. Ta med forkle
  8. Fotball. Ta med fotballsko, treningskle og drikkeflaske
  9. Golfkurs på Haugaland golfbane. Min 6 stk. Eigenandel: 250 pr. pers.
  10. Kreativ forming. Vi tover sitteunderlag, dekorer t-skjorte m.m. Eigenandel 200 kr pr.pers. Husk å oppgi t-skjorte størrelse ved påmelding.

 

PROGRAM                                                                                           

Fredag:

17.00-19.00 Frammøte og oppsetjing av telt

19.00-20.00 Kveldsmat

20.00 Opning av leiren, litt underhaldning, diskotek og kiosk

22.00 Leiarsamling og drøs rundt bordet. Påmelding av lag til volleyballturneringa og underhaldning til laurdagskvelden.

23.00 Ro i leiren!

 

Laurdag:

08.00 Vekking-flaggheising

08.30-09.30 Frukost og smørjing av nistemat til fagaktivitetane.

09.45 Alle må være klare på skuleplassen!

10.00-14.30 Aktivitetar

15.00 Mat på grendahuset

16.00 Volleyballturnering – Natursti

19.00 Grillmat

20.30 Underhaldning ,diskotek og kiosk

22.00 Leiarsamling

24.00 Ro i leiren!

 

Søndag:

08.30 Vekking

09.00-10.00 Frukost

10.00 Volleyballfinale

10.30 Premieutdeling og avslutning

10.30-11.30 Rydding i leiren

Vel heim

 

Dette må du ta med deg:

Telt

Sovepose/pute/teppe og liggeunderlag

Toalettsaker

Klede og sko etter værforholda og etter fagaktivitetane

Lommepengar. Me har mykje spanande i kiosken?

Tekstboks:  Og sjølvsagt: Masse godt humør?