Påmelding åpner om kort tid.

 

Velkomen til distriktsleir i Jondal 13-15.juni

Leiren er for aspirantar, 1. og 2. års juniorar

Leiren vert halden i Viketunet i nærleiken av Jondal skule. Viketunet er eit flott gardstun frå 1600 - 1700 talet, 2 min. gange frå ferjekaien.
Me nyttar Skulen sine fasilitetar med kjøkken, toalett og dusj.

Påmelding innan 01.juni.

Pris: 700kr. Dette dekker mat, opphald og aktivitet, merk at nokre kurs har eigenandel. Sjå kursoversikt.
Leiren er gratis for leiarar, det må vera minst ein vaksen pr 7. barn.

Aktivitetar: sjå vedlagt dokument

Me har ikkje lagt opp til eigen aktivitet for dei vaksne men dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vera med på dei aktivitetane me har sett opp for medlemmane.


Program: (kan verta endringar)

 Fredag:

18:00-19:00: Frammøte og oppsetjing av telt

19:00-20:00: Kveldsmat

20:00: Opning av leiren og   bli-kjent leikar

21-23:00: Diskotek og open kiosk

23:00: Ro i leiren!

 Laurdag:

08:00: Vekking - flaggheising

08:30-10:00: Frukost og smørjing av nistemat til fagaktivitetane

10:45: Alle må vera klar på skuleplassen!

11:00-14:00: Aktivitetar

12:00 - Nistepakkelunsj

15:00: Middag - Lasagne

17:00: Felles aktivitetar i Vikefjøra

19:00: Grilling av pølser

20:30: Underhaldning

21-24: Diskotek og open kiosk

24:00: Ro i leiren

 Søndag:

08:30: Vekking

09:00-10:00: Frukost

10:00: Avslutning og rydding av leirområdet

10:30: Vel heim

 


Dette må du ta med deg :

For overnatting:

  • Telt (avtal med dei andre i klubben)
  • Sovepose, pute, teppe og liggeunderlag
  • Lommelykt/hovudlykt med ekstra batteri

    For personleg hygiene:
  • Toalettsaker (tannbørste, tannkrem, såpe, sjampo, handkle, hårbørste/kam)
  • Solkrem og myggmiddel

    Klede og sko:
  • Klede tilpassa vêrforholda
  • Klede til aktivitet
  • Ekstra sett med klede og sokkar (dersom noko vert vått)
  • Sko som er gode å gå i, og evt. lette sko til innebruk

    Til måltid:
  • Matboks og drikkeflaske
  • Tallerken og kopp (gjenbrukbar) 

 

Til aktivitetar:

  • Badetøy og handkle
  • Ein liten ryggsekk til å bere niste og vatn under aktivitetar
  • Sjekk aktivitetslista om din aktivitet treng noko ekstra

Anna:

  • Lommepengar til kiosken
  • Godt humør og leirglede!
    sparebanken_norge-logo_brandlogos.net_6keuk.pngHardEnergi-logo-NY-RGBLOGO-midtstilt-2linjer@2x.png
  • SAV_karousell_vossakjot.png
  • Tine_(Unternehmen)_logo.svg.png
  • Coop_Prix.png