- Pris: Kr 500,-
- Arrangør: 4H Hordaland
- Øystese
- (heldags)
Organisasjon
Her ligg innkalling, sakspapir kjem etter kvart. Dei som KUN skal delta på Årsmøte kan melde seg på årsmøtet via linken på dette arrangementet.
Bergen, 10.11.2023
Innkalling og sakliste til fylkesårsmøte 4H Hordaland
De er med dette kalla inn til fylkesårsmøtet i 4H Hordaland, søndag 11. februar 2024 på Kvam ungdomsskule. Møtet startar klokka 09.30 og vert avslutta klokka 15.00.
Deltakaravgifta er kr 500,- pr. person. Dette inkluderer lunsj og kaffi på møtet.
Fylkesårsmøtet er samansett av 2 representantar frå kvar 4H-klubb i fylket, ein frå kvar av 4H Norge sine medlems- og støtteorganisasjonar som har fylkeslag i Hordaland/Vestland, og i tillegg ein frammøtt representant frå kvar av desse medlemsgruppene; arrangementsmedlem, kløvermedlem og støttemedlem.
Årsmøtet er det høgaste organet i fylket, og grunnlaget for 4H-arbeidet vert lagt her.
Dersom du eller klubben din har sakar som de ynskjer å diskutere på årsmøtet, må dei sendast inn skrifteleg til kontoret innan 31. desember 2023.
Sakspapir og vedtekter vert sendt ut seinast 3 veker før årsmøtet pr. e-post til dei påmeldte og klubbrådgjevar A i kvar klubb. I tillegg vert sakspapira lagt ut på heimesida til 4H Hordaland.
Påmeldingsfristen er 14. januar 2024. Gå inn på heimesida vår og meld deg på via medlemsregisteret
Venleg helsing 4H Hordaland
Jostein Ljones Sofie Ljones
Ordførar i årsmøtet Leiar i 4H Hordaland
Sakliste
for fylkesårsmøtet i 4H Hordaland 2024
Søndag 11.februar, Øystese
kl. 09.30 -15.00
Opning
Sak 1. Opprop
Sak 2. Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 1MB)
Sak 3. Godkjenning av forretningsorden (PDF, 57KB)
Sak 4. Val av sekretærar og teljekorps
Sak 5. Val av to personar til å skrive under protokollen
Sak 6. Årsmelding 2023 (PDF, 2MB)
Sak 7. Rekneskap 2023, (PDF, 2MB) revisormelding (PDF, 72KB) og uttale frå kontrollutvalet
Sak 8. Generaldebatt
- Korleis skal 4H Hordaland sine promoteringsklede sjå ut?
- Fylkesleir: deltaking, innhald, dato og varigheit
Sak 9. Årsplan 2024 (PDF, 74KB)
Sak 10. Budsjett 2024 (PDF, 190KB)
Sak 11. Førebels årsplan 2025 (PDF, 74KB)
Sak 12. Førebels budsjett 2025 (PDF, 190KB)
Sak 13. Førebels årsplan 2026 (PDF, 73KB)
Sak 14. Førebels budsjett 2026 (PDF, 190KB)
Sak 15. Tilsetting av revisorar
Sak 16. Innkomne saker
Sak 17. Uttalar frå fylkesårsmøtet (PDF, 59KB)
Sak 18. Val
- Val av leiar
- Val av styremedlem
- Val av varamedlemmar til styret
- Val av ordførar og varaordførar
- Val av medlemmar til kontrollnemnda
- Val av kandidat til valnemnd
Avslutning
Praktisk informasjon
Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09:00. Årsmøtet startar kl. 09:30 og vil verte ferdig ca. kl. 15:00.
I førekant av årsmøtet er det styrevervskurs for medlemmar i klubbstyra. Årsmøtet er ein del av den demokratiske opplæringa under styrekurset og er obligatorisk for alle deltakarane.
Registrering til årsmøtet må de gjere klubbvis ved adkomst. Det er òg mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane.
Pris:
Kr 1000,- for styrekurs og årsmøte
Kr 500,- for berre årsmøte. Faktura blir sendt til klubbane, som òg betalar reisekostnader.
Påmelding
1. Dersom du er medlem og berre skal delta på årsmøte, melder du deg på i denne artikkelen (sjå grøn knapp over).
2. Dersom du ikkje er medlem, men ønskjer å delta på årsmøtet, skriv ein epost til Hordaland@4h.no med namn og kven du representerar.
3. Dersom du er medlem og er påmeldt Styrevervskurs eller Inspirasjonssamling, er du automatisk påmeldt årsmøtet.
Medlemsorganisasjonane i 4H er:
Det Norske Skogselskap
Norges Bondelag
Norges Bygdekvinnelag
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Skogeierforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
1 representant frå fylkesleddet i kvar medlemsorganisasjon til 4H Norge møter i Fylkesårsmøtet (§ 2 i vedtektene), utan røysterett.