- Pris: Kr 500,-
- Arrangør: 4H Hordaland
- Jondal
- (heldags)
Organisasjon
Her finn de innkalling og sakspapirer. I tillegg kan dei som KUN skal delta på Årsmøte (ikke Styrevervsopplæring og Inspirasjonssamling) melde seg på årsmøtet via denne linken.
Innkalling og sakliste til fylkesårsmøte 4H Hordaland
De er med dette kalla inn til fylkesårsmøtet i 4H Hordaland, søndag 12. februar 2023 på Jondal skule. Møtet startar klokka 09.30 og vert avslutta klokka 15.00.
Deltakaravgifta er kr 500,- pr. person. Dette inkluderer lunsj og kaffi på møtet.
Fylkesårsmøtet er samansett av 2 representantar frå kvar 4H-klubb i fylket, ein frå kvar av 4H Norge sine medlems- og støtteorganisasjonar som har fylkeslag i Hordaland/Vestland, og i tillegg ein frammøtt representant frå kvar av desse medlemsgruppene; arrangementsmedlem, kløvermedlem og støttemedlem.
Årsmøtet er det høgaste organet i fylket, og grunnlaget for 4H-arbeidet vert lagt her.
Dersom du eller klubben din har sakar som de ynskjer å diskutere på årsmøtet, må dei sendas inn skrifteleg til kontoret innan 15.januar 2023.
Sakspapir og vedtekter vert sendt ut seinast 3 veker før årsmøtet pr. e-post til dei påmeldte og klubbrådgjevar A i kvar klubb. I tillegg vert sakspapira lagt ut på heimesida til 4H Hordaland.
Påmeldingsfristen er 10. januar 2023. (utsatt til 12. jan) Gå inn på heimesida vår og meld deg på via medlemsregisteret
Venleg helsing 4H Hordaland
Jostein Ljones Synne Røthe Sandal
Ordførar i årsmøtet Leiar i 4H Hordaland
Sakliste
for fylkesårsmøtet i 4H Hordaland 2023
Søndag 12.februar, Jondal
kl. 09.30 -15.00
Opning
Sak 1. Opprop
Sak 2. Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 338KB)
Sak 3. Godkjenning av forretningsorden
Sak 4. Val av sekretærar og teljekorps
Sak 5. Val av to personar til å skrive under protokollen
Sak 6. Årsmelding 2022 (PDF, 13MB)
Sak 7. Rekneskap 2022, (PDF, 3MB) revisormelding (PDF, 211KB) og uttale frå kontrollutvalet
Sak 8. Handlingsplan 2023-2024
Sak 9. Årsplan 2023 (PDF, 74KB)
Sak 10. Budsjett 2023 (PDF, 287KB)
Sak 11. Førebels årsplan 2024 (PDF, 73KB)
Sak 12. Førebels budsjett 2024 (PDF, 287KB)
Sak 13. Førebels årsplan 2025 (PDF, 73KB)
Sak 14. Førebels budsjett 2025 (PDF, 287KB)
Sak 15. Tilsetting av revisorar
Sak 16. Innkomne saker
Sak 17. Uttalar frå fylkesårsmøtet
-
- Val av leiar
- Val av styremedlem
- Val av varamedlemmar til styret
- Val av ordførar og varaordførar
- Val av medlemmar til kontrollnemnda
- Val av kandidat til valnemnd
Avslutning
Praktisk informasjon
Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09:00. Årsmøtet startar kl. 09:30 og vil verte ferdig ca. kl. 15:00.
I førekant av årsmøtet er det styrevervskurs for medlemmar i klubbstyra. Årsmøtet er ein del av den demokratiske opplæringa under styrekurset og er obligatorisk for alle deltakarane.
Registrering til årsmøtet må de gjere klubbvis ved adkomst. Det er òg mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane.
Pris:
Kr 1000,- for styrekurs og årsmøte
Kr 500,- for berre årsmøte. Faktura blir sendt til klubbane, som òg betalar reisekostnader.
Påmelding
Påmelding:
1. Dersom du er medlem og berre skal delta på årsmøte, melder du deg på i denne artikkelen (sjå grøn knapp over).
2. Dersom du ikkje er medlem, men ønskjer å delta på årsmøtet, skriv du dette i ein epost til Hordaland@4h.no.
3. Dersom du er medlem og er påmeldt Styrevervskurs eller Inspirasjonssamling, er du automatisk påmeldt årsmøtet.
Medlemsorganisasjonane i 4H er:
Det Norske Skogselskap
Norges Bondelag
Norges Bygdekvinnelag
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Skogeierforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
1 representant frå fylkesleddet i kvar medlemsorganisasjon til 4H Norge møter i Fylkesårsmøtet (§ 2 i vedtektene), utan røysterett.