4H Hordaland har ordna fellestransport og leiarar til Nordisk leir. Meir informasjon om leir og nøyaktig reisetidspunkt kjem etter kvart.

Pris

ALLE som skal på leir frå 4H Hordaland må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Pris kr. 300,-. Dette fordi alle må vera med på å betale for frakt av fellesutstyr, laiarar og administrasjon,

Pris på fellesreisa er avhengig av kor mange som melder seg på. Alt frå 1400- 2000 tur/ retur. Tek du bussen ein veg, er prisen kr. 1000,-.  (Felleskostnadar kjem i tillegg).

Faktura for felleskostnadar og evt.fellesreise kjem på mail etter påmeldingsfristen har gått ut, og  me ser kor mange som melder seg på.

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h 

Reiserute

Planen er avreise frå Åsane terminal fredag kveld (18. juli), og retur frå Strömma Naturbruksscenter laurdag morgon 26. juli.

Husk å krysse av for kvar du vil gå på/ evt. av hvis du berre skal ta bussen heim. Tidsplan for bussen kjem etter kvart.

- Åsane

- Voss

- Odda

- Skare

Velg eit av desse alternativa ved påmelding: 

  • Deltakar tur/retur-inkludert : Dette er for dei som ønskjer å vera med bussen begge vegar. 
  • Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å vera med bussen TIL Nordisk leir. 
  • Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å vera med bussen FRÅ Nordisk leir. 
  • Felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve. 
  • Vaksenleiar: For dei som skal vera leiarar på leiren.

Medlemmar som reiser på Nordisk leir må ta ansvar for seg sjølve, at dei har med alt dei treng, er oppdatert med program, og at dei stiller opp til rett tid.

Husk å leggje inn allergiar/ sjukdommar både ved påmelding til leir og fellesreise. 

4H Hordaland stiller med  leiarar som skal hjelpe/ støtte våre medlemmar slik at dei får ein fin leir. Ein leiar pr. 10-ende deltakar + hovudleiar.

Hovudleiar:  Cecilie Strandos:           Mobil: 90 61 01 55

Leiar: Espen Aaserød                          Mobil: 90 22 42 96

 

Kontaktinformasjon 

Ved spørsmål ta kontakt med org. rådgjevar, Turid S. Herland

e-post: Turid.herland@4h.no eller mobil: 99 40 52 69