4H Hordaland har ordna fellestransport og leiarar til Nordisk leir på Lom. Meir informasjon om leir og nøyaktig reisetidspunkt kjem etter kvart.

4H Hordaland hadde bestilt to bussar, men pga av få deltakarar, fyller vi kun opp ein buss. Denne bussen startar på Halhjem, går via Åsane og Voss til Lom, tur/retur.  Bussen går frå Halhjem ca. kl. 05.30, slik at den passer for dei som kjem med ferge frå Sunnhordland. Ferge frå Sandvikvåg går kl. 04:40.

Buss kjem til Åsane ca. kl. 06:10

Deltakarar frå Skare, Odda og Kinsarvik må ta rutebuss 990 frå Odda kl. 06:20. Den går via Kinsarvik og kjem til Voss kl. 08:20. Dei kan òg ta rutebuss 990 på returen.

Buss frå Halhjem/ Åsane kjem til Voss ca. kl. 08: 25, og me reiser vidare til Lom så fort alle medlemmane har kome seg inn på bussen.

Nytt i år er at alle fylka må betale for sine leiarar, derfor må alle deltakarar frå fylket vera med på å betale 250,- kr kvar for leiarar og fellesutgifter. 

Pris fellesreise kr. 1200,- for buss + 250,- i felleskostnadar. Totalt kr. 1450,-. 

Faktura kjem på mail.


Medlemmar som reiser på Nordisk leir må ta ansvar for seg sjølve, at dei har med alt dei treng, er oppdatert med program, og at dei stiller opp til rett tid. 

4H Hordaland stiller med  hovudleiar leiarar som skal hjelpe/ støtte våre medlemmar slik at dei får ein fin leir. 

Hovudleiar:  Silje Lilleås:                     Mobil: 47 95 77 68 

Leiar: Nicolaj Øvrevoll Disselhorst    Mobil: 96 62 73 47

Marius Instanes Opedal                      Mobil: 94 97 85 52

Ingrid Otnes                                           Mobil: 95 76 13 24

Hjalmar Ølvestveit                                Mobil: 91 19 18 02