TILSKOT: 4H, Røde Kors og Natur og ungdom er blant aktørane som får støtte frå Vestland fylkeskommune. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)
18 regionale barne- og ungdomsorg. får støtte til å leggje til rette for at barn og unge får delta og engasjere seg i organisasjons- og samfunnslivet
Målet er å styrke demokratiskulering, organisasjonsopplæring og frivillig aktivitet på tvers av heile fylket.
– Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er viktige arenaer for fellesskap, deltaking og læring. Dei gir barn og unge høve til å utvikle seg, oppleve meistring og ta ansvar. Difor er det avgjerande at fylkeskommunen bidreg til å halde oppe dette mangfaldet av aktivitetar, seier, Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Skrevet av Birthe Johanne Finstad