4H Hordaland  gjennomførte eit aktivt fylkesårsmøte med 133 medlemmar frå 22 klubbar, gjestar frå Fitjar Bondelag, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, 4H Norge og æresdiplommedlemmer.

Fylksstyret kunne visa til eit år med mange aktivitetar, kurs og leirar, og eit positivt resultat økonomisk. Fylket har eit stabilt antal klubbar, men nedgang i antal medlemmer.

Under generaldebatten vart det diskutert om fylket fortsatt skulle ha 4 distriktsleirar, og korleis dei burde bli gjennomført. Dei fleste var einige i at distriktsleirane var viktige for dei aller minste. Kort reisevei ufarleggjer ei helgesamling utan pårørande.

I tillegg var det ein diskusjon rundt årsplanane til klubbane. "Kopiårsplan, en uting eller god ting?" . Her fortalte klubbane om ulike aktivitetar i sin klubb, og om samarbeid mellom klubbane. Ingen skam å kopiere, men kjekt med nye aktivitetar.

Nytt styre i 4H Hordaland:

Leiar:                                                            Espen Aaserød

Styremedlem med økonomiansvar:       Tuva Helland

Styremedlem med skrivaransvar:           Agathe Ølvestveit

Styremedlem:                                             Marius Skar Kolås

Styremedlem:                                             Camilla Solberg

1.varamedlem:                                            Åsmund Flatnes Skarveland

2. varamedlem:                                           Stine Feste Kvamme

3. varamedlem:                                           Gina Langodden

 

Hårteigen 4H vart kåra til Årets klubb 2025  etter å gjennomført eit flott og aktivt 4H. Etter årsmøtet vart Ingrid Otnes heidra som ny æresdiplom-meldlem i 2025, og Synnøve Jørgensen vart takka av som regionleiar og Vilde Sylta Kvamme som fylkesstyreleiar.