På årets plakettfest deltok 36 av årets 49 plakettmottakarar. I tillegg kom pårørande, venner,  familie og andre gjestar som førte til at Kløvertun (Os sanitetsforenings selskapslokale) var fylt opp til fest.

Plakettfesten starta med tale av plakettmottakar Agathe Ølvestveit, Lauvsprett i 4H fra Kvinnherad. Tale og plakettutdeling av ordførar i Osterøy kommune Lars Fjeldstad, og tale av 4H-mor Jofrid Valen frå Sisu 4H i Sveio.

Etter middag og kaker gratulerte fylkesstyreleiar VIlde Sylta Kvamme plakettmottakarane med vel gjennomført 4H-løp, og alumnleiar Steffen Stråtveit ønskja dei hjarteleg velkomen til alumnklubben H.A.N.S.A. som er ein klubb for 4H-arar over 18 år. 

Ettermiddagen vart avslutta med fotografering av Vassbrekko Foto

Plakettmottakar Nordhordland

Plakettmottakarar Sunnhordland

Plakettmottakarar Hardanger

Plakettmottakarar Voss og Granvin