Over 100 medlemmar frå heile fylket deltok på styreversopplæring på Rimarbeid barne- og ungdomsskule 6.-8. februar. Gjennom kursa fekk deltakarane eit innblikk i korleis vere ein god leiar for klubben, skrive gode referat, føra rekneskap og korleis styremedlem bør kunne litt av alt innan styrearbeid. Her var læringskurva bratt, men tilbakemeldingane har vore gode. 

Dei medlemmane som hadde gjennomført eit kurs i sitt verv tidlegare, kunne melde seg på friluftsheltkurs  eller årsmøteseminar.

Øvrebygda 4H hadde det tekniske ansvaret for styrevervskurset i helga, og dei gjorde ein flott jobb for at alle skulle ha gode rammer for å lære om styrevervet sitt. Her var alt på plass , gode kursrom, mat for svoltne kroppar, gymsal til leik og moro, og klasserom kor medlemmene kunne sova i.

Agnete og Åsmund Flatnes Skarveland var kursadminstratorar, og dei hadde full kontroll over alt og alle. Alumnar stilte som vanleg opp som instruktørar og sosiale bidragsytarar. Kjekt å sjå kor flinke dei er til å  lære bort og hjelpa medlemmene som er på kurs.

Kursdeltakarane fekk to besøk i løpet av kurshelga. Ettersom 4H feirer 90 årsjubileum med temaet "Landbrukets år" kom TV-kjendisen Ida Lundemannsverk og ga tips til dyrkingsaktivitetar. I tillegg fekk dei besøk av Ingvild Solberg Brandtzæg som er ansatt hjå 4H Norge som aktivitetsrådgjevar opplæring og frivilligheit.

Leiar/nestleiar nybyrjar: Sofie Ljones og Vinjar Vrålstad-Hole

Kasserar:  Steffen Stråtveit og Hilda Jordalen

Skrivar: Anna Kaspara L. Rinaldo og Hjalmar Ølvestveit

Styremedlem: Agathe Ølvestveit og Magnus Ringheim

Årsmøteseminar : Lisa Jonetta Ølvestveit 

Friluftsheltkurs:  Astrid Frøysnes Flaa, Mari Andreassen, Ingeborg Farestveit

Alumnar: Camilla Solberg, Tuva Helland, Marius Skar Kolås