Odda 4H starta opp sin aktivitet for akkurat for 2 år sida, og har ca. 10 medlemmer.

4H Hordaland ønskjer å rekruttera 2 personar som kan ta ansvar for å ha aktivitet i klubben ein gong i månaden. Det kan vera alt frå ungdommar til pensjonistar som tek på seg denne oppgåva. Dei som gjer jobben får eit honorar på 1000 kr. kvar pr. møte+ dekte reisekostnadar.

Eksemplar på aktivitet er baking, snekre fuglekasser, lage fuglemat, juleverkstad, lage gresskarlykter, mat på bål og aking. Her er det berre å bruke fantasien.  Tidsbruk varierer ut ifrå aktiviteten, men ca. 2 timar. Rekvisita blir dekt av klubben sin konto.

Ønskjer de meir informasjon eller kan tenkje dykk oppdraget?

Kontakt Turid på 4H-kontoret

Mail: hordaland@4h.no

Mobil: 99 40 52 69