Har du vore frivillig for 4H i år?

Frivillig arbeid er arbeid der ein ikkje er i eit ordinært tilsettingsforhold og ein ikkje mottar ordinær lønn.

Kanskje er du leiar, kasserar, sekretær eller styremedlem i 4H-klubben din? Har du rolla som aspriantleiar, trivselsagent eller klubbrådgjevar? Har du hatt oppgåver på leir, haustfest eller anna arrangement? Då har du vore frivillig i 4H! 

sammen feirer vi Norges viktigste langarbeid

Frivillig i fylkeslaget? 

Når medlemane våre nærmar seg slutten av 4H-løpet, vil dei ofte oppleve og lære meir. Dette er det gode moglegheiter til gjennom ulike roller og opplæringsprogram. Du kan til dømes engasjere deg i:

  • Fylkesstyret
    • verv i styret 
    • andre verv (til dømes ordfører i årsmøte, valkomite etc)
    • ressursperson (til dømes kursadministrator eller for internasjonalt arbeid)
    • engasjert i ei av fylkesstyret sine arbeidsgrupper (til dømes synleggjeringsgruppe)
    • instruktør i til dømes styreverv eller friluftsliv (mottar eit symbolsk honorar)
    • frivillig under eit fylkesarrangement (til dømes vaksenleiar, nattevakt eller kjøkkenhjelp)
    • vaksenleiar på Landsleir/Nordisk leir
    • frivillig for prosjekt (til dømes i ei ressursgruppe)
    • vertsfamilie

Fylkesstyret blir valt på årsmøte i fylket. Er du engasjert, får du både ansvar for tillit. Kanskje klatrar du vidare til sentralstyret med tida? Saman med dei tilsette på kontoret planlegg, gjennomfører og evaluerer dei alle aktivitetane som skjer i fylket: storkurs, leir, styrevervkurs/superhelg osv. 

  • Alumnklubben
    • verv i styret
    • alumn på eit fylkesarrangement (til dømes i Miljøtorget på leir)

Alumnklubben i fylket finn på mykje kjekt saman! Dersom du engasjerer deg her får du lære mykje erfaring som arrangør, samt bli kjent med mange engasjerte 4H-arar. 

Har du lyst til å engasjere deg i fylkeslaget ditt? 

Les meir om korleis: 

Korleis skal klubben din feire Frivillighetens dag? 

Frivillighet Norge har laga mange fine plakatar, vimplar og videoar som vi kan bruke heilt gratis. Dei har også tips til korleis dagen kan feirast. Sjekk ut. Planlegg noko kjekt for dei frivillige rundt deg.