På årsmøtet til 4H Hordaland vart det bestemt at  fylket skulle bruke 500 000 til ulike aktivitetar i fylket. Fylkesstyret har satt opp ein plan for bruk av desse pengane, og eit tiltaka var at klubbane skulle få pengar ved å vise til aktivitet. 

Så nå kan alle klubbane sende inn eit bilete av ein klubbaktivitet innen landbruk eller "Under open himmel", så får klubben 3000 kronar. Det er mogleg å få 3000 for ein landsbruksaktivitet og 3000  for "Under open himmel".

Send bilete til: hordaland@4h.no

Skriv namn på klubb, dato og sted for aktivitet.

Bilete må vera godkjent for bruk av 4H.