4H-arar fekk oppleva Hardangervidda i sol
28. august til 1. september deltok 23 medlemmer og vaksne frå Dyktig 4H og Skulestad 4H frå Voss, Team Flatøy 4H frå Alver, Solgull 4H, Varden 4H og Hårteigen 4H frå Ullensvang på Juniorsprell på Hardangervidda.
Leiarar var Rune Solberg frå Vennskapsporten 4H, Anna Gudrun Tveisme frå Varden 4H, Marius Skar Kolås frå Marås 4H ( fylkesstyret), og Steffen Stråtveit frå Bordalen 4H/ H.A.N.S.A. (fylkesstyret).
Samlinga vart gjennomført i og rundt Tråastølen, ei velutstyrt og flott hytte som er eigd av Lions. Her fekk medlemmane lære om påkledning i høgfjellet, lære om sikkerheit ved bruk av båt/ kano, padle kano, fiske og sløye fisk, spele frisbeegolf og sova ute under ope himmel.
Ein stor takk til leiarane som tok ansvar for at medlemmene fekk ei flott og lærerik helg på Hardangervidda!
Samlinga vart sponsa av Sjøfartsdirektoratet, Miljødirektoratet, Studieforbundet Natur og Miljø og 4H Norge (Leik og lær i naturen).