Haustfesten er ei viktig 4H-tilstelling. Dette er eit glimrande høve til å vise omverda kva 4H-klubben arbeidar med i løpet av året, og at 4H-medlemmene skal få ei fin avslutning på 4H-år.
For at Haustfesten skal gå greitt er det ein del brikker som skal falle på plass. Vi håpar at desse tipsa kan hjelpa dykk slik at de får ein vellukka fest.

Det som står her passar nødvendigvis ikkje for alle 4H-klubbane, det viktigaste er at de finn dykkar eigen måte å gjere det på og som passar for dykk, men likevel håpar vi at alle kan finne svar på spørsmål om, og inspirasjon til Haustfesten.

Uansett: Godt planlagt er halvt gjennomført. LUKKE TIL!

Planlegging av festen                                                                                                                                
Styret og klubbrådgjevarane bør i god tid før festen diskutere og planleggje korleis haustfesten skal gjennomførast.

  • Kortid skal festen vere?
  • Kvar skal festen vere?
  • Kven skal vere med på festen?
  • Kor skal utstillingane vera?
  • Kva skal vi servere?
  • Kven har ansvar for kva?

Hugs at det er heile 4H-klubben sin fest, alle må få lov å gjere noko, og alle har plikt til å ta eit tak. Lag grupper som har ansvar for kvar sine ting, t.d. utstilling, mat, underhaldning, loddsal, borddekking og rydding.

Klubbrådgjevaren si rolle er å få ting til å gå, ikkje gjere arbeidet sjølv.

Kortid skal festen vere?
Saman med årsplan leverte alle klubbar inn datoen for haustfest 2024. Dersom datoen er endra, melder de frå til 4H-kontoret om dette. hordaland@4H.no

Her står 4H-klubben nokså fritt. Haustfesten bør gjennomførast innan oktober, må vere gjennomført før klubben har årsmøte – og årsmøtet må ein ha innan 24. november. Fristen for innsending av årsmelding, rekneskap og oppdatering av styreverv er også 1. desember.

Men vi vil rå dykk til å ikkje vente for lenge, spesielt om de vel å ha Haustfesten ute. Erfaringa tilseier også at det vert like travelt om ein ventar med Haustfesten til starten av november.

Finn ein dag som passar for 4H-klubben, haustfest tysdag ettermiddag er like fint som laurdag.

Kvar skal festen vere?
Haustfesten treng absolutt ikkje vere på Grendahuset eller skulen. Andre forslag til kor haustfesten kan gjennomførast:

  • På naturmøteplassen
  • I idrettshallen
  • På skuleplassen / skulen

Inne er det enkelt med stoler, bord, scene, kjøkken og ikkje minst, det er tørt og varmt.

Men, det kan vera kjekt å ha haustfesten ute. Her er det mykje plass til aktivitet, og matserveringa kan gjerast enklare, eks mat på bål. Gjestane kan sjølve vera med å skape aktiviteten på haustfesten ved å delta på tilrettelagde aktivitetar. Det kan til dømes vere natursti, lage bålmat, knyte knutar osv.

Nokre utfordringar finst sjølvsagt, den største er kanskje veret. Dersom det er dårleg ver må ein ordne seg med noko tak over prosjektutstillingar og servering. Men folk er flinke til å kle seg, og dei som vil vere med kjem uansett ver.

Har de høve til det kan det vere kjekt å kombinere ute og inne. Då kan utstillinga av prosjektet vere inne, medan det andre kan vere ute. Då får de spreidd dei som er tilstades på festen.

Dersom de har dårleg med plass eller mange medlemmer kan det også vere aktuelt å dele opp klubben og arrangere Haustfest for dei ulike aldersgruppene.

Kven skal vere med på festen?
Haustfesten er først og fremst medlemmane sin fest. Haustfesten markerer slutten på 4H-året. 4H-klubben bestemmer sjølv kor mange dei eventuelt vil/kan invitera. Det er heilt greitt å sei at i år er Haustfesten berre for 4H-klubben sine medlemmer, det er heilt greitt å sei at kvar medlem får ta med seg 2 gjester og det er heilt greitt å sei at alle som vil kan komme.

Er det nokre personar klubben bør invitera?

  • Nokre klubbar har medlemmer med Æres-diplom fra 4H sentralt, andre har eigne æresmedlemmer
  • Ordførar
  • Samarbeidspartnarar; Bygdekvinnelag, bondelag, sparebanken m/ fleire
  • 4H Hordaland. Klubbar med 5- og 10- årsjubileum prøver fylkesstyret å få besøkt.

Dersom utstillinga står inne, og de har høve til å la den stå ei stund kan de invitere foreldre og andre interesserte til å komme å sjå til ulike tidspunkt.

Uansett kan det vere kjekt for alle som ikkje kan vere med å sjå bilete frå Haustfesten dykkar i sosiale media eller de kan sende inn til lokalavisa.

Presse
Ta kontakt med lokalavisene. Få dei til å koma.

Dersom dei ikkje kan koma, bør det vera nokon som tar ansvar for å ta bilete og senda referat til avisene, t.d. dei med informasjonsoppgåva.

Underhaldning
Dette er ein viktig del av festen og av 4H-arbeidet. Planlegg i god tid. Små sketsjar, musikk-innslag, kahoot, dans eller bingo kan høve som underhaldning.

Eit godt tips kan vere å bruke 4H-prosjekta som ein del av underhaldninga. Medlemmar med friluftsliv kan vise bilete og fortelje frå nokre turar, dei med matstell organiserer pinnebrød på bålpanna, dei med 4H fotografen kjem med tips til korleis ein skal ta betre bilete. Dette kan de også gjere ved å ha ulike «postar» som gjestene besøkjer.

Det er også råd å organisere underhaldningsarbeidet til Haustfesten som ein studiering og få stønad til det. For å ha ein studiering må minst 4 stykke som fyller 14 år i løpet av året fullføre. Kurset må minst vere på 4 timar. Søknaden sender de på www.naturogmiljo.no/. Gå inn på søknad om tilskot på menyen på venstre sida og fyll ut skjemaet. Studieplannummeret er 1217, Revy – ekstremsport for pyser. Tilskotet er kr 100,- pr time.

Loddsal
Mange 4H-klubbar brukar Haustfesten som eit høve til å skaffe klubben pengar til aktiviteten sin. Når de sel lodd kan de ta betaling på Vipps, kontant eller Izettle.

Matservering
Det er veldig stor variasjon i kva klubbane serverer på ein haustfest. Eks. påsmurte rundstykker/brød, kaker/boller, suppe, middag, mat på bål mm.

Godkjent 4H-år
Deltaking i klubbarbeidet:
Hovudregelen er at alle må vere på minst 50% av møta og tilstellingane i klubben for å få deltakinga i klubbarbeidet godkjent.Medlemmar kan søkje om møtefritak. 

4H-medlemar

  • Ferdigstill og lever 4H-prosjektet ditt! Prosjektpoeng for gjennomførte oppdrag blir først overført til medlemsregisteret etter at prosjektet ditt er vurdert og avslutta av klubbrådgjevaren. Er du plakettmottakar, då er det enno viktigare at du ferdigstiller og leverer 4H-prosjektet ditt, slik at klubbrådgjevaren kan avslutte prosjektet ditt og vitnemålet også blir oppdatert.
  • På Min side/4H-løpet får du ei oversikt over poenga du har samla til no med alle aktivitetane. Poeng for verv og arrangement blir oppdatert fortløpande, men oppdragspoeng blir ikkje registrert på den oversikta før 4H-prosjektet er avslutta av klubbrådgjevaren i prosjektplattforma. Sjekk poengoversikt og gi beskjed til klubbrådgjevaren om du meiner at noko ikkje stemmer.
  • Vis kva du har gjort i 4H-året ditt på haustfesten. Førebu utstillinga og samle alt du ønsker å vise. Du kan vise fram både oppdraga du har gjennomført, sakar du har jobba med i klubbstyret, og arrangement og kurs du har deltatt på.

Klubbrådgjevarar
Bestill årspinsar til haustfesten. Nye haustfestmerkar i 4H-løpet heiter no årspins. Årspinsar er knyta til aldersgrupper og oppmøtekravet. Har du plakettmottakerar, då bestiller du plakettnål i tillegg til dem. Har du 2. og 3. års-seniorar som ønsker å komplettere merkesamlinga si, då kan du fortsett bestille fagskjold sølv og fagskjold gull i 2024 og fagskjold gull i 2025. Les mer om merkesystemet i 4H her. Me har oppdatert hausfestlista til 4H-løpet årspins. Du kan finne lista på Min side/Min klubb/Rapporter.

VIKTIG! Minn dei moglege plakettmottakarane på at dei må ferdigstille og levere 4H-prosjektet sitt i god tid. Oppdragspoeng blir ikkje overført og vitnemålet blir ikkje oppdatert før du, som klubbrådgjevar, har avslutta prosjektet i prosjektplattforma. Plakettfesten er 9. november.

  • Vurder og avslutt 4H-prosjekt fortløpande. Frist for å avslutte 4H-prosjekt i prosjektplattforma er 1. desember. Når eit 4H-prosjekt er avslutta, blir poeng overført til medlemsregisteret.

Klubben må sjølv bestille merka som medlemmene skal få utdelt på haustfesten i nettbutikken.Ved spørsmål om innlogging ta først kontakt med tidlegare klubbrådgjevar om du er ny, eller 4H-kontoret. Hugs å logge dykk inn som 4H-klubben for å få tilgang til å bestille merke

Sjølv om de ofte har gjester som deler ut merka er det heilt i orden at klubbrådgjevaren gjer det.

Etter haustfesten:

  • Dersom de har gløymt å melde inn medlemmer må dette ordnast snarast? Alle prosjekt må godkjennast i prosjektplattforma, slik at dei blir overført til medlemsregisteret
  • Medlemmer som brukte prosjekthefta Aspirant eller Fritt val må registrerast i prosjektplattformen. Det må leggast inn tilleggsopplysningar om kva prosjekt ein har hatt T.d. katt, hund, fotball, baking
  • Sjekk gjerne 4H-løpet - 4h for mer detaljer

Vi i 4H Hordaland blir svært glade dersom de melder tilbake til oss korleis haustfesten var.

  • Korleis organiserte de Haustfesten i år?
  • Legg gjerne med nokre bilete som vi kan publisere.

Send på e-post til hordaland@4h.no

Lukke til med årets haustfest!

Gjer det kjekt for 4H-medlemmene, hald det enkelt og ver raus!