4H Hordaland treng 1- 2 vertsfamiliar til 18 år gamal jente frå Estland
Ved å opna din heim for ein ungdom frå eit anna land, kan du få ein smak av ein anna kultur- rett og slett ein reise i din eigen stue!
De som vertsfamilie får ei viktig oppgåve fordi du er med på å forme opphaldet for den som kjem, og gje eit bilde av kvardagen i Noreg. Du får mogelegheit til å vise fram lokalmiljøet der du bur, og du blir til gjengjeld kjent med deira språk og kultur.
4H Hordaland treng 1-2 vertsfamiliar til Anni Triin salvan. Ho er 18 år og kjem frå Estland. 12. juli reiser 4H Hordaland og Anni frå landsleiren på Sortland. Dei landar kl. 19.40. på Flesland. Så skal ho vera i Hordaland fram til 7. august ( små endringar kan forekome).
Anni kjem frå Orumäe talu og studerer ved Toila Gümnaasium. Ho er glad i språk, og kan både tysk, engelsk og estonisk. Ho har diabetes type 1. Ho kjem frå eit landlig områd, dyrkar mykje til sjølvbruk og likar dyr. Fritida bruker ho til folkedans, synging, sykling, løping, snowboard og organisere arrangement. Anni håpar å få oppleve naturen og fjella i Norge, og lære om kulturen og tradisjonane.
Hi! My name is Anni, I live in Toila, a really small village 3km from the sea and one of the most beautiful areas in Estonia. During school time I spend my free time doing folk dance and attending choir. I like cycling, running, snowboarding, doodling, organising events in school and my home area, and spending time outdoors with my family, friends, and two dogs. I love baking and reading to wind down. I look forward to connecting with you through these new experiences!
![]()
Det å vere ein god vertsfamilie
- Varm og imøtekommande
- Behandle delegaten som ein del av familien ved å vere omsorgsfull, inkluderande og trygg vaksen.
- Sørge for at primære behova er dekt.
- Sørge for at deligaten har tilgang til eiga seng. Om delegat må dele rom - skal det vere med vertssøsken av samme kjønn.
- Ingen i familien skal ha kriminell bakgrunn, og sørge for å ha ein nokonlunde rein heim.
- Du ser gleden i frivillig arbeid, og ønskjer å opne din heim for nokon som ønskjer å vere ein del av din familie og din kvardag.