
Denne sommaren kan DU vere med på å vise heile Vestland fylke kva 4H eigentleg er.
Sommerpatruljen i Vestland fylke /4H på vei i heile Vestland fylke
Har du lyst til å oppleve heile Vestland i ein bubil i sommar? Då er det plass til deg når 4H Hordaland sender tre stykk på sommarpatrulje. Dette kjem til å verte ein sommar du ikkje kjem til å gløyme når møte med 4H-klubbar, verving og 4H-promotering står i fokus. Du vil verte ein supervervar på denne reisa, og ein ressursperson for mange i 4H Hordaland og 4H Sogn og Fjordane! Denne sommaren kan DU vere med på å vise heile Vestland fylke kva 4H eigentleg er.
Sommerpatruljen skal kjøre gjennom ei reiserute på 10 dagar som startar i Os i Bergen, køyrer gjennom heile Vestland fylke, og avslutter på Radøy i Nordhordland. Turen startar 22.juni og varer til 2.juli, og de vil få eit honorar på 8000,- kr + matpengar for jobben de har gjort. Gjennom heile turen skal supervervarane innom ulike klubber og ha stand for å rekruttere 4H-ere, men også for å fortelle andre kva 4H er.
Meld deg på sommarpatruljen her
Prosjektet "4H på vei i heile Vestland fylke" / Sommerpatruljen i Vestland fylke , er sponsa av Vestland fylkeskommune