Stor takk til Spretten 4H og Lid 4H som arrangerte ein flott fylkesleir på Lid!
125 4H-medlemmer deltok på årets fylkesleir ved Lid Grendahus. Leiren starta med oppsetting av telt og åpning av leiren ved ordførar Andrè Mundal Haukås, og underhaldning av GLENNEN.
Laurdag fekk medlemmane tilbod om spanande aktivitetar som sjøfiske, hobbyverkstad, golf, paintball, riding, baking, leirdueskyting, og padling i kano. Etterpå var det innleiande runder i årets Landkreditt Bank volleyballturnering, Landkreditt volleyballcup. Å
Utflukten på søndag gjekk til Vikingfestivalen på Karmøy. Her fekk 4H-arane oppleva historisk sus, handverksdemonstrasjonar, kampoppvisningar, musikk, dans og smaksprøvar på tradisjonell mat. Etterpå var det tautrekking og volleyballfinale. Lid 4H vant begge finalene.
Alle kveldane hadde alumnklubben H.A.N.S.A. Miljøtorg, ein samlingsstad kor ungdommane fekk vera saman og ha det sosialt. Her kunne dei få opplæring i swing, danse linjedans, syngje med på 4H-songar, spele brettspel, og kjøpe HANSA-spesial (is).
Ein stor takk til Lid 4H og Spretten 4H for eit flott og godt gjenneomført fylkesleir, alle alumnar for stor hjelp under heile leiren, og foreldre som stiller opp på dugnad og/ eller som leiarar!