Ein stor takk til Hårteigen 4H frå Kinsarvik som gjennomførte eit flott storkurs helga 7.-9 mars. Her fekk medlemmar frå 25 ulike klubbar boltra seg i Fjordahallen med leik, spel og volleyballturnering. oI tillegg fekk dei tilbod om ulike kurs som smiing, swing, ut på tur, tradisjonsbakst, moderne dans, dekor og søm av leirbukser, matlaging, volleyball, og eit kurs i Mikkelparken som både hadde luftgeværskyting, pil og bue og samarbeidsoppgåver.

Middagane på årets samling vart laga av kokken Jakob Al Bayati frå Kinsarvik (bur i Bergen), som er alumnmedlem i H.A.N.S.A. Alumnane Steffen Stråtveit, Jens Halland Kruse og Sigurd Lorvik Hansen saman med dei eldste 4H-medlemmane hadde ansvaret for aktivitane om kveldane. Her blei det blant anna volleyballturnering, swing, brettspel, linjedans og limbo. 

Det er mykje arbeid som ligg bak eit så stort arrangement som storkurset i helga. 4H Hordaland vil derfor takke Hårteigen 4H som tok på seg jobben, og gjennomførte eit flott storkurs.