Ved å opna din heim for ein ungdom frå eit anna land, kan du få ein smak av ein anna kultur- rett og slett ein reise i din eigen stue!

De som vertsfamilie får ei viktig oppgåve fordi du er med på å forme opphaldet for den som kjem, og gje eit bilde av kvardagen i Noreg. Du får mogelegheit til å vise fram lokalmiljøet der du bur, og du blir til gjengjeld kjent med deira språk og kultur. 


Anni  Triin Salvan er 18 år og kjem frå Estland. 12. juli reiser 4H Hordaland og Anni frå landsleiren på Sortland, og dei landar kl. 19.40. på Flesland.  Her vil Anni bli henta av Anna Gudrun Tveisme og hennar familie som vil vera fertsfamilie fram til 7. august. Anna Gudrun bor på Ulsnes i Hardanger, og er klubbrådgådgjevar i Varden 4H.

 

Anni frå Estland


Det å vere ein god vertsfamilie

  • Varm og imøtekommande
  • Behandle delegaten som ein del av familien ved å vere omsorgsfull, inkluderande og trygg vaksen.
  • Sørge for at primære behova er dekt.
  • Sørge for at deligaten har tilgang til eiga seng. Om delegat må dele rom - skal det vere med vertssøsken av samme kjønn.
  • Ingen i familien skal ha kriminell bakgrunn, og sørge for å ha ein nokonlunde rein heim.
  • Du ser gleden i frivillig arbeid, og ønskjer å opne din heim for nokon som ønskjer å vere ein del av din familie og din kvardag.