Fylkesstyreleiar Vilde Sylta Kvamme og styremedlem i alumnkluben H.A.N.S.A., Andreas Ølvestveit, delte ut æresdiplom til Ingrid Otnes på vegne av 4H Hordaland

Grunngjeving:

Ingrid Otnes starta 4H-karriera si i Regnbuen 4H i Møre og Romsdal i 2007. Etter ulike verv, deltaking på mange kurs og leirar, og stort engasjement i klubben, fekk ho plaketten i 2014. 4H-livet var ikkje over for Ingrid, no var det alumnklubben MORAL og etter kvart H.A.N.S.A.  og 4H Hordaland som fekk nye godt av hennes lidenskap for 4H.

I 2015 vart ho valt inn i fylkesstyret til 4H Hordaland, der ho sat i 5 år. Ingrid evna fleire forskjellige oppgåver, og bidrog på mange område, både på arrangementsida, strategisk arbeid og eit økonomisk perspektiv. 

Ingrid involverte seg i organisasjonen på fleire plan og var med på mykje. Ho brydde seg om medlemmane og at dei skulle kunna utvikla seg. Ho var både instruktør og kursadministrator på mange styrevervkurs, og mange klubbrekneskap i Hordaland er nok førte av kasserarar utdanna av Ingrid. Ho har vore instruktør på vaksenleiarkurs, og var ein stor bidragsytar for kurset for vidarekomne over fleire år.

I mange år har Ingrid stilt som ein trygg vaksen for kurs- og leirdeltakarar både frå Hordaland og Møre og Romsdal, og ho har mange gongar vore leiar og hovudleiar på lands- og nordisk leir for Hordaland.

Ingrid har også vore tungt med på utviklinga av organisasjonen 4H i sin heilskap. Fleire vil nok hugsa at Ingrid har delteke på Landsmøte, med engasjement for tiltak som treff grasrota, og fokus på gjennomføringsevne og realitet.

For alumnklubben H.A.N.S.A. har Ingrid vore ein viktig person for å halde aktiviten oppe, ha orden på økonomien, og ho var primus motor for eit fantastisk miljøtorg  i regi av alumnklubben på landsleiren på Voss 2024.