Storkurs er ei helgesamling for medlemmer i alderen 12- 18 år, der dei får tilbod om ulike aktivitetar på laurdag. Arrangør har ansvar for kursstad, mat, vaktar, aktivitetar og saman med fylket søkje midlar. Klubben får 40% av overskotet som løn. Dei siste åra har ca. 120 medlemmer delteke + 25 leiarar/ alumnar

Distriktleir i Sunnhordland er ein leir for medlemmer i alderen 10-12 år frå Sunnhordland. Her har klubben alt ansvaret , dvs. dei får bestemme dato, stad, kurs, pris mm, og sit att med alt overskotet sjølve. Deltakarantalet har variert veldig, alt frå 40- 70 deltakarar.

Ta kontakt med Turid på 4H-kontoret for å få meir informasjon.

Mobil: 99405269

Mail: hordaland@4h.no