Leiren finn sted på Strömma Naturbruksscenter, ein landbruksskule 40 minutter sør-aust for Sveriges nest største by, Gøteborg 19.- 26. juli. 

Alle fylker må stille med ein leiar pr. 10. deltakar. Hordaland kjem til å stille med ein hovudleiar i tillegg til dei vanlege leiarane. 

Medlemmane må klare seg sjølve på leiren, men leiarane er der for å passe på at dei får den informasjonen dei treng, og hjelper dei generelt med ting dei lurer på. Det er viktig at medlemmer som treng mykje hjelp/oppfølging  må ta med seg eigen følgje. 


Felleskostnadar:

Fylket må betale for reise til leiarane, frakt av fellesutstyr, felleskostnader som fyrstehjelpsutstyr, telt til leiarar, presenning, solkrem for dei som har gløymd det,   administrasjon mm. Utgifta vil bli fordelt på alle deltakarane. Prisen kr. 300,-. Dette er ei avgift alle deltakarar må betale, også dei som ordnar skyss sjølve.


Reise:

4H Hordalands har satt opp fellesreise med buss. I år er det Vy-buss som skal køyre oss. Det skal vera plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bu ute ei heil veke, men tenk smart når du pakkar.

Reiserute: 

- Åsane

- Voss

- Odda

-Skare

Pris:

Vi hatt satt ein makspris på kr. 2000,-, men prisen er veldig avhengig av kor mange som skal sitje på buss/ bussane. Får vi full buss/bussar, blir prisen ca. 1400,-. Vi prøver å få til billigast mogleg reisa.

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h 


Kontaktinformasjon:

Ved spørsmål ta kontakt med org.rådgjevar Turid S. Herland.

e-post: turid.herland@4h.no eller mobil: 99 40 52 69