Me har klubbkveldar onsdagar i oddetallsveker frå 18.00 til 20.00. Kor me er, varierar etter kva aktivitet me skal ha. 

Me har mange kjekke planar til aktivitetar både ute og inne til våren, der me for eksempel vil gå på skøyter, lage mat på bål, besøkja ein gard, og kanskje me gjer noko redesign? Det kjekkaste er jo om dei som deltek kjem med eigne forslag til kva aktivitetar me skal gjer framover. 

Alle er velkommen til å vera med på aktivitetane våre, og håper at flest mogleg vil vera med i klubben vår fast. 

Framover vil arrangementa vera på forskjellege stader på Storhaug, der me til no har vore i dei nye gapahukane i Emmaus og på Midjord Bydelshus. Me har vore i dialog med Stavanger kommune om å vera ein del av Rasmus Risas Gate 33 viss huset der vert pussa opp og gjort til eit frivilligheitshus. Planen er at når klubben vert etablert vil ein ha ein fast møteplass.