4H er ein organisasjon for barn og unge mellom 10 og 25, der me på Storhaug har hovudvekt på å rekruttera barn og unge mellom 10 og 18 år. Organisasjonen er ein plass der ein har moglegheit til å utvikla seg sjølv og på same tid vera saman med andre. Det stillast ingen krav for å bli medlem. Gjennom mottoet "læra ved å gjera" arbeider me aktivt for at barn og unge skal oppleva meistring. Målet er å utvikla ungdom til å forstå samanhengar mellom natur og menneske, og til å bli aktive og engasjerte samfunnsmenneske. Dei fire H-ane står for klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse og er noko ein alltid arbeidar mot i 4H.

Gjennom 4H møter ein mange nye barn og unge, både medlemmar i eigen klubb, men òg andre medlemmer frå heile landet. 4H arrangerer nemleg leirar og andre arrangement som fylkesleir, storkurs og landsleir.